Raphaël Poirée

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Raphael Poirée)
Hopp til navigering Hopp til søk
Raphaël Poirée
Raphaël Poiree.jpg
Fødd 9. august 1974
Rives
Yrke skiskyttar
Raphaël Poirée på Commons

Raphaël Poirée (fødd 9. august 1974) i Rives i Rhône-Alpes i Frankrike) er ein fransk skiskyttar. Poirée har sju VM-gull, vann verdscupen samanlagt fire år og vann 44 verdscup-renn. Han la opp etter 2006/07-sesongen. Han var gift med den norske skiskyttaren Liv Grete Skjelbreid Poirée 2000-2013.

Poirée vart fødd i Rives og er oppvaksen i La Chapelle en Vercors i Frankrike. Gjekk på idrettsgymnas i Villard-de-Lans. Klubben hans er Vercors Ski De Fond. Poirée er yrkesmessig knytt til militæret slik det er vanleg for skiskyttarar i fleire europeiske land. Han har ein yngre bror, Gaël (f. 1978), som òg driv skiskyting på elitenivå.

Han starta sin internasjonale skiskyttarkarriere i 1994 då han vart dobbel junior-verdsmeister. I verdscupen vart han nr. 17 samanlagt allereie i sesongen 1995/96. I 1998 vann han sin første verdscupsiger (Ruhpolding), og denne sesongen vart han nr. 5 samanlagt i verdscupen. Sidan har samanlagtresultatet ikkje blitt dårlegare enn det. Frå sesongen 1999/2000 vann han verdscupen samanlagt tre år på rad. Han har 44 sigrar i verdscupen. Han vann samanlagt 2003/04 og vart nr. 3 i 2004/05 - ein sesong der han sleit både med sjukdom og utstyr.

I VM har han til saman vunne sju gull- tre sølv- og sju bronsemedaljar. Den første medaljen var bronse på jaktstarten i VM i Pokljuka i 1998. Det første VM-gullet kom i Holmenkollen på fellesstart i 2000. I 2001 i Pokljuka vann han fellesstarten og stafettgull, og i Oberhof i 2004 tok han tre gullmedaljar, i 20 kilometer, sprint og fellesstart. I OL har han sølv på jaktstart og bronse på stafetten frå Salt Lake City i 2002, og bronse på stafetten frå Torino i 2006.

Poirée gifta seg i 2000 med Liv Grete Skjelbreid Poirée. Dei har to døtrer saman.

Kortfatta merittliste[endre | endre wikiteksten]

  • Verdscup samanlagt:
    • 4 sigrar, 1 andreplass, 2 tredjeplassar
  • Verdsmeisterskap:
    • 7 gull, 3 sølv, 7 bronse
  • Olympiske leikar:
    • 1 sølv, 2 bronse
  • Verdscuprenn:
    • 44 gull, 39 sølv, 20 bronse

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]