Rashnu
Utsjånad
| Rashnu | |
|---|---|
guddommeleg dommar | |
| Medlem av yazataene | |
| Dag | 18. dagen av kvar månad i dei parsiske kalendrane |
Rashnu er namnet til guddomen for rettferd i parsismen.[1][2] Namnet tydde ein gong berre ‘dommar’, og viste ei av Ahura Mazda sine roller, men blei personleggjort i seinare tider.[3]
Saman med Mithra, som er guddomen for sanning, og Sraosha, som er ikjøtinga av Mazda sitt ord, er Rashnu ein av dei tre dommarane som dømmer over sjelene til menneske. Han står på ei bru med ei skålvekt i gull, der han veg opp gjerningane til alle sjelene som kjem til han.
Den 18. dagen av kvar månad i dei parsiske kalendrane er vigsla til Rashnu.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «RAŠN». Encyclopaedia Iranica. Henta 1 December 2025.
- ↑ «Rashnu». A dictionary of world mythology (New rev. and expanded utg.). Oxford: Oxford Univ. Press. 1997. ISBN 9780191726934. Henta 1. desember 2025.
- 1 2 «Rashnu | Persian Mythology, Guardian of Justice, God of Truth». Encyclopedia Britannica (på engelsk). Henta 1. desember 2025.