Rasht

Moské i Rasht. Illustrasjon frå 1866.
Rasht eller Resht er ein by nordvest i Iran som er provinshovudstad i Gilan. Han har 467 700 innbyggjarar (2004). Byen ligg 15 km søraust for Anzalı-lagunen i Kaspihavet, og er eit regionalt handelssenter gjennom hamna der, Bandar-e Anzali. Rasht er også eit viktig turistmål.
I tillegg til handel omfattar næringslivet i byen tekstilindustri, næringsmiddel- og glasindustri. Universitetet i Rasht blei grunnlagd i 1977.
Språket i området er guilaki, som er rekna som ein dialekt av persisk.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

- Bilde på Guilan.net
- Informasjonssenter for Rasht
- Iran Chamber Society: Rasht
- Iran Chamber of commerce, Industries & Mines: Gilan
- Encyclopedia of the Orient Arkivert 2016-03-03 ved Wayback Machine.
- Info Please
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Rasht» i Store norske leksikon, snl.no.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Rasht» frå Wikipedia på bokmål, den 12. oktober 2011.
