Tekstilindustri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tekstilindustrien var heilt mekanisert i etterkrigstida, og vart i større grad eit kvinneyrke. I eldre tider var dei faglærte produksjonsprosessane mannsbastionar, med røter i laugtradisjonane til mellomalderen.
Foto: Bundesarchiv
Tekstil utan industri: Heimespinning av lin i svensk heim, ca. 1920.
Foto: Peter Sjögren
Spinning jenny på museum i Wuppertal, Tyskland. Slike spinnemaskiner åttedobla produksjonen til ein arbeidar samanlikna med handspinning.
Den einaste eksisterande modellen av Samuel Cromptons Spinning Mule.
Eldre mekanisk vevmaskin ved tekstilmuseet i Lowell i Massachusetts.

Tekstilindustri er industriell produksjon av tråd, garn, tøy eller klede i stor skala. Tekstilindustrien har århundrelange røter som hushaldsindustri og handverk, men oppstod som maskinell produksjon i England på slutten av 1700-talet.

Tekstilindustrien er inndelt i nisjar etter produksjon og råvarebruk:

  • Produksjonen skjer gjennom ei verdikjede med spinneri, veveri, konfeksjonsfabrikkar (sying) og trikotasjefabrikkar (strikking).
  • Råvarene er naturlege materialar som bomull, ull, lin og silke, og syntetiske stoff som til dømes nylon, fleece og gore-tex. Dei syntetiske stoffa kom saman med råolje-revolusjonen tidleg på 1900-talet.

Produksjonsprosessen for tekstilar og klede går gjennom ein rekkje prosessar, og nokre blir gjentekne meir enn éin gong: vasking, karding, kjemming, toving, bleiking, farging, spinning, tvinning, veving eller strikking, og sying. I løpet av den industrielle revolusjonen vart stadig fleire av desse prosessane mekaniserte. Den utviklinga starta i 1760-åra og skaut fart med nye prosessinnovasjonar gjennom heile 1800-talet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tekstilproduksjonen starta som handverksproduksjon av tråd, garn og stoff i familieføretak i Italia og Flandern1300-talet, i eit manufaktur-system der produksjonen i stor grad gjekk føre seg i private heimar (difor namnet manufaktur, eller «handproduksjon»). I den italienske byen Lucca vaks det fram ein stor silkeproduksjon allereie frå 1200-talet. Eit anna viktig behov var seglduk for den veksande skipsfarten. Produksjonen la grunnlag for rikdom hos mellommennene til handelen, men det vart ikkje sett i gang reell industriell masseproduksjon i seinmellomalderen. Det var tilgangen på råvarer som avgjorde kvar denne proto-industrien vart lokalisert. I Tyskland kunne dei midtre høglandsområda by på både lin- og ullproduksjon i høgareliggande område i det som i dag er Hessen, Baden-Württemberg og det nordlege Bayern.

Frå 1400-talet var både Spania og England enno råvareeksportørar av ull, medan ferdigvarer som tekstilar og ulike industrivarer vart importerte frå kontinentet, spesielt Nederland, Flandern, Italia, og Frankrike.[1] Fargarane var ein viktig handverksstand med høg prestisje, og særleg i renessansen vart det lagt stor vekt på fargen på kleda.[2]

Henrik VII av England såg velstanden som følgde av tekstilproduksjonen i Burgund, og starta i 1485 ein industrialiseringspolitikk med toll på eksport av rå ull til kontinentet, og skattefridom og tidsavgrensa monopol til entreprenørar som starta spinneri og veveri i England. Dette tiltrekte seg handverkarar frå Italia og Nederland. Eksporttollen auka råvarekostnadene for spinneria på kontinentet, og hjalp difor industrialiseringa i England.[3]

Denne politikken fekk seinare namnet Tudorplanen, og vart vidareført av etterfølgjarane hans som eit av verdas første forsøk innan merkantilistisk politikk. Den førte til at blant anna Firenze vart utkonkurrert som tekstilsentrum og gjekk inn i ein økonomisk nedgangsperiode. Ein kan sjå grunnlaget for den engelske industrielle revolusjonen som kom seinare i denne politikken.[4] Rå ull frå Spania var eit alternativ for tekstilindustrien på kontinentet, og utover heile 1500-talet var denne faren med på å trekkje England inn i eit bittert motsetnadsforhold til Spania, i allianse med Portugal.

Ull var den dominerande råvara i tekstilindustrien i tidleg moderne tid. Heimeindustri basert på spinning og strikking eller veving i private heimar oppstod på 1500-talet på det sentrale Jylland, og då særleg rundt byane Herning og Ikast, der produksjonen vart mekanisert tidleg på 1880-talet. Lintøy-produksjonen ved Køng fabrik på Sjælland frå 1781 var òg basert på spinning for heimeproduksjon (manufaktur) i mange tiår. I seinmellomlalderen byrja ein òg å importere bomull til Europa – ei råvare det var vanskeleg for nordeuropearar å forstå opphavet til.

Mekaniseringa[endre | endre wikiteksten]

Fabrikkproduksjon i større skala var avhengig av vasstilførsel til skylling, og kraft til maskinene. I starten vart vasskrafta brukt direkte via vasshjul. Tekstilindustrien var, saman med gruvene, den første industrien i England som vart mekanisert med dampkraft. Viktige nyvinningar som James Hargreaves si spinnemaskin, Spinning Jenny (1764), Samuel Crompton sin modell Spinning Mule (1779) og Edmund Cartwright sine mekaniske vevstolar (1785) skapte ein effektivitetsvekst i produksjonen som la grunnlag for stor rikdom og re-investering. No vart det vanleg å produsere stoff i stor skala i staden for å veve i private heimar, sjølv om mange fabrikkar enno dreiv rein trådproduksjon til heimesaum. I tekstilindustrien oppstod for første gong i historia ein maskinell produksjon i ein skala som skapte stordriftsfordelar og dermed reell økonomisk vekst. I England vart det på 1700-talet lagt kanalar til å frakte ull til fabrikkane og ferdig stoff for sal innanlands og utanlands. Napoleons blokade av engelsk eksport under Kontinentalsperren 1806-14 vart avløyst av ein sterk vekstperiode for britisk tekstileksport.

Byar som Manchester og Leeds vart viktige sentrum for engelsk tekstilindustri. I løpet av 1800-talet vart stadig fleire delar av produksjonsprosessen mekaniserte, og det som kanskje var den fremste oppfinninga vart den holkortet-styrte vevmaskina, som Joseph Marie Jacquard fann opp i 1805 – ei såkalla «jacquardmaskin». Lenge vart fossekraft brukt direkte, som ved Kreenholmi Valduse ved Narvaelven aust i Estland, ein bomullsvarefabrikk etablert i 1857, som rundt århundreskiftet hadde 10 000 tilsette, og var blant dei største i verda. Seinare på 1800-talet overtok elektrisitet for kol og mekanisk vasskraft som energi. Ein importerte òg bomull frå koloniane i Egypt og India, og dette utkonkurrerte mange europeiske føretak som hadde basert seg på lin eller ull, m.a i Tyskland, der det vart stor sosial uro og hungersnaud. I Schlesien førte dette til ein «vevaroppstand» i 1844, der lin-vevarane i den tradisjonelle tekstilindustrien gjorde opprør mot import- og mekaniseringstrendane.

Rad med rundstrikkemaskiner på Salhus Tricotagefabrik utanfor Bergen.

1900-talet[endre | endre wikiteksten]

Storstilt etablering av tekstilindustri i India, Russland og ei rekkje andre land seint på 1800-talet og tidleg på 1900-talet kunne sjeldan å konkurrere med den effektive engelske produksjonen, som var leiande innan arbeidsproduktivitet.[5] Tabellen under viser korleis tekstilindustrien utvikla seg under den industrielle revolusjonen i nokre utvalde land: Kolonne 1 viser året då det første bomullsspinneriet vart etablert.[6] Kolonne 2-3 viser kor mange ringspinnemaskiner frå engelske Platt & Co som vart tinga i tjueårsperiodar før og etter den første verdskrigen. Kolonne 4 viser fraktkostnaden for eksportert bomullstøy frå England. Kolonne 5-7 viser handelsbalansen med fabrikkerte bomullsprodukt i 1910. Kolonne 8 viser det relative kostnadsnivået for produksjonen i bomullsindustrien, justert for mengda arbeidstimar som gjekk med til ei lik produksjonsmengd.[7] Tabellen viser tydeleg den britiske dominansen i tekstilhandelen, og korleis industriland som Frankrike og Tyskland knapt var sjølvforsynte. Sjølv land med låge produksjonskostnader, som India og Kina, hadde stor import frå England.

Tekstilindustrien 1910 (utvalde land)
Land Første
mekaniske
bomulls-
spinneri
Sett
ringspinne-
maskiner tinga frå
Platt & Co.
1890-1914
Sett
ringspinne-
maskiner tinga frå
Platt & Co.
1915-1936
Kostnad i £,
frakt 40 fot³
bomullstøy
frå

England


1907

Handels-
balanse mill. $
Bomullstråd

1910
Handels-
balanse mill. $
Grått bom.tøy

1910
Handels-
balanse mill. $
Farga bom.tøy

1910
Kostnader i
bomulls-
industrien
England=100

1910
England 1771 110 74 .. 83 100 270 100
Frankrike 1778 41 31 .. -3 4 22 95
Tyskland 1784 47 6 .. -11 -3 29 100
USA (aust) 1791 2 0 .. .. .. .. 159
Russland 1793 131 23 .. .. .. .. 91
Sveits 1794 3 0 .. .. .. .. 115
Belgia 1799 24 17 .. .. .. .. ..
Austerrike 1801 4 4 .. .. .. .. 85
Italia ? 69 29 .. .. .. .. 81
Polen ? 41 8 .. .. .. .. ..
India 1817 66 132 0,93 18 -53 -65 61
Tyrkia ? 0 6 .. -1 -7 -11 ..
Sentral-Amerika ? 3 1 2,38 .. .. .. ..
Mexico 1835 75 7 .. .. .. .. 94
Brasil 1846 95 43 3,25 -2 0 -9 ..
Argentina ? .. .. 1,75 -3 -1 -25 ..
Japan ? 66 117 1,66 22 5 -1 73
Kina ? 5 64 1,66 -41 -11 -30 53
Australia ? .. .. 1,78 -2 -1 -22 ..
Egypt ? 0 5 -1 -17 .. ..

Sjølvstendekampen til Mahatma Gandhi i India fekk næring frå arbeidarkampane som oppstod då billege, britiske tekstilar stadig utkonkurrerte indiske produkt prismessig. Etter den andre verdskrigen har derimot tekstilindustrien i stor grad blitt flytta frå Europa til Asia, grunna god tilgang på billeg arbeidskraft. Kina, India og Pakistan vert rekna som nokre av dei største produsentane.

Tekstilindustrien i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Hjulafossen var den andre staden langs Akerselva der tekstilindustrien oppstod. Her låg Hjula Veveri (biletet) og Nedre Vøiens Bomuldsspinderi, frå 1855. Ti år tidlegare vart to fabrikkar starta i Nydalen, lengre oppe i elva.
Det var stor etablering av tekstilfabrikkar i heile Europa og delar av Asia seint på 1800-talet. Biletet viser Sjølingstad Uldvarefabrikk i Lindesnes, grunnlagd i 1894.
Salhus Tricotagefabrik nord for Bergen i 1935. Han vart nedlagd i 1989, som ein av Noregs siste, større tekstilfabrikkar.

Norsk tekstilindustri oppstod i industriell skala ved fossane dei øvre delane av Akerselva i Oslo midt på 1800-talet, og i resten av landet frå 1870-talet, basert på norsk ull og vasskraft. Ein tok i bruk mekanisk vasskraft (vasshjul) i starten, men seint på 1800-talet overtok elektrisiteten. Det har òg vore nisjeproduksjon basert på kokos (Mandal Kokosveveri), jute og lin.

Produksjonen trong òg rikelig reint ferskvatn til vasking og skylling, og difor vart fabrikkane gjerne lagt til stadar ved små elver der det var god tilgang på kraft. Ein brukte først vassmøller, og seinare elektrisitet som energikjelde i fabrikkane. I Noreg låg ullvarefabrikkane spreidde rundt om i landet med eit oppland av lokale bønder som leverte ull direkte til oppkjøparane til fabrikken – tidvis i direkte byte mot ullstoff og pledd.

Norske tekstilfabrikkar

I tabellen nedanfor står fabrikkar som enno er i drift i feit skrift:[8]

Namn Kommune Fylke Grunnlagd Nedlagd Produkt
Haldens Bomuldspinderi & Væveri Halden Østfold 1815 Tråd, stoff
Drammens Bomuldspinneri,

seinare Solberg Spinderi

Drammen,

Eker (Nedre Eiker)

Buskerud 1818 Bomull- og linvarer
Nydalens Compagnie, seinare Tefas Nydalen Oslo 1845 1954 Stoff
Ellendalens Spinderi Nydalen Oslo 1846
Arne Fabrikker Arna Hordaland 1846 1998 Ullvarer, bomullsvarer
Nedre Vøiens Bomuldsspinderi Sagene Oslo 1846
Høie Fabrikker Kristiansand Vest-Agder 1850 Sengetøy
Joh. Petersen Aktieselskab Bergen Hordaland 1852 Dekketøy
Christiania Seildugsfabrik Grünerløkka Oslo 1855 Seilduk
Hjula Veveri Sagene Oslo 1855 1957 Stoff
Fuglesangs Sønner AS / Ajungilak Sagene Oslo 1855 Vatt, soveposar
Salhus Tricotagefabrik Bergen Hordaland 1859 1989 Trikotasje
DFU Grorud Tekstilfabrik Grorud Oslo 1867 1962
DFU Aalgaards Uldvarefabrikker Gjesdal, Figgjo, Aasen Rogaland 1870 Ullvarer
Helly Hansen Moss, Oslo Østfold 1877 Trikotasje
C. N. Lauritsens trikotfabrik Oslo Oslo 1878 Fritidsklede
Dale Fabrikker Vaksdal Hordaland 1879 2014 Trikotasje
Berger og Fossekleven fabrikker Svelvik Vestfold 1880 2003 Stoffer, Ullvarer
N. Sørensens trikotfabrik Oslo Oslo 1883 Trikotasje
Brænne, Bernhard AS Trondheim Sør-Trøndelag 1883 Ullvarer
Gudbrandsdalens Uldspinderi Lillehammer Oppland 1887 Tråd
 Gudbrandsdalens Uldvarefabrik 1887 Stoff
Sognefjorden Uldvarefabrik Sogndal Sogn & Fj 1887 1972
Sandnes Uldvarefabrik Sandnes Rogaland 1888 Ullvarer
H. Meyers Trikotasjefabrikk Oslo Oslo 1888 Sportsklede
Holm Hansen & Co konfeksjonsfabrikk Oslo Oslo 1889 Herreklede
Indvik Uldvarefabrik Innvik Sogn & Fj 1890
Christiania Corsetfabrik / Okko Oslo Oslo 1892 Dameklede
Oslo Baand & Lidsefabrik Oslo Oslo 1893 1970 Band
Sjølingstad Uldvarefabrik Lindesnes Vest-Agder 1894 1984 Stoff, pledd
Salhus Væverier Bergen Hordaland 1894 1977 Stoff
Espelandfos Spinderi & Tricotagefabrik / Janus Arna Hordaland 1895 Undertøy
Troldefos Uldvarefabrikk Holmedal Sogn & Fj 1895 Ullvarer
DFU Fredfoss Uldvarefabrik Vestfossen Buskerud 1895 Ullvarer
Stenersens Konfeksjonsfabrik Oslo Oslo 1897 Herreklede
Herkules Confektionsfabrikker Oslo Oslo 1898 Herreklede
Tingvoll Ullvarefabrikk Tingvoll Møre og Romsdal 1898 1967 Ullvarer
DFU Frysja Uldvarefabrik Nydalen Oslo 1955 Ullvarer
Oslo Flaggfabrikk Oslo, Høland Oslo 1902 Flagg
Oslo Plissé-Fabrik Oslo Oslo 1902 Band, faner, knappar
Bergens Tekstilfabrikk Bergen Bergen 1903 1959 Herreklede, vattolin
Blystad Fabrikker Sagene Oslo 1906 Band, belte
Viking Gummivarefabrikk Asker Akershus 1906 1913 Kalosjar
  Viking Gummivarefabrikk Askim Østfold 1921 Kalosjar m.m.
Sandnes Kamgarn Spinneri Sandnes Rogaland 1906 1986 Garn
Evebøfoss Fabrikker Sandane Sogn & Fj 1910 Ullvarer
Gustav Skogsfjord AS Oslo Oslo 1910 Fritidsklede
Sygna Uldvarefabrik Leikanger Sogn & Fj 1910 1982 Ullvarer
Bergans Meis & Ryggsekk AS Oslo Oslo 1911 Sportsutstyr
Joh. Aass & Co. Oslo Oslo 1913 Trikotasje
Pelly's Konfeksjonsfabrikk Oslo Oslo 1914 Arbeidsklede
De Forenede Ullvarefabrikker Ålgård-Aasen-Fredfos-Frysja-Grorud 1916 1990
Mandal Veveri Mandal Vest-Agder 1918 Bunadstoff
Bredesen & Jørgensen AS Oslo Oslo 1918 Sportsutstyr
Norske Konfektionsfabriker Herrekonfektion AS Oslo Oslo 1918 Herreklede
  Norske Konfektionsfabriker Herrekonfektion AS Lillehammer Oppland 1946 Herreklede
Kristiania Leggings- & Gamachefabrik Oslo Oslo 1919 Sportsklede
Førde Ullvarefabrikk Førde Sogn & Fj 1919 Ullvarer
Birkelund Trikotasjefabrikk Salhus Hordaland 1920 1959 Trikotasje
Øistein Stokkeland & Co Oslo Oslo 1921 Dameklede
DFU Heggedal Ullvarefabrikk Asker Akershus 1921 1958 Stoff
Trondhjems Konfektionsfabrik Trondheim Sør-Trøndelag 1923 1980 Herreklede
Leif W. Nielsen AS Oslo Oslo 1925 Linsaum, dameklede
Sellgrens Veveri Trondheim, Tingvoll 1926 Møbelstoff
Rauma Ullvarefabrikk Veblungsnes Møre og Romsdal 1927 Stoff
Amorett Konfektionsfabrik Oslo Oslo 1927 Dameklede
O. Folkedals Farveri Oslo Oslo 1927 Trikotasje
A. Stokstad & Co Oslo Oslo 1927 Dameklede
Norrøna Sport Asker Akershus 1929 Sportsutstyr
Norsk Kamgarn Industri Oslo Oslo 1931 Garn
Norrøna Trikotasjefabrik Oslo Oslo 1932 Undertøy
Norena Paraplyfabrikk AS Oslo Oslo 1932 Paraplyar
Ihle & Nielsen AS Oslo Oslo 1933 Dameklede
Gerners Konfeksjonsfabrikk Oslo Oslo 1934 Dameklede
Røros Tweed Røros Sør-Trøndelag 1935 Teppe
Sandvika Veveri Bærum Akershus 1936 Stoff
Tele Silkeveveri Notodden Telemark 1936 Silketrikot
Condor Konfeksjonsfabrikk Haugesund Rogaland 1929 Herreklede
Odlo / Union Farveri og Silkeveveri Akershus 1945
Scandia Konfeksjonsfabrikker Ø Toten, Oslo 1947 Dameklede
Mosjøen Veveri Vefsn Nordland 1953 Stoff
Oleana Arna Hordaland 1992 Trikotasje
Stormberg Kristiansand Vest-Agder 1998 Sportsklede
Bj Sport Oslo Oslo 2007 Sportsklede

Fabrikkane merka DFU gjekk i 1916 saman i Dei Forenede Ullvarefabrikkar for å effektivisere produksjon og omsetnaden. I mellomkrigstida fekk industrien ein oppsving på 1930-talet, men etter den andre verdskrigen starta nedgangsperioden, og dei siste produksjonane vart nedlagde på 1970 og 80-talet, eller omstilte til nisjeproduksjon med masseproduksjonen lagt til utviklingsland eller Aust-Europa.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jan Fagerberg, Bart Verspangen og Nick von Tunzelman, The Dynamics of Technology, Trade, and Growth, Aldershot 1994, side 168-197.
  2. Amy Butler Greenfield: A Perfect Red – Empire, Espionage and the Qest for the Color of Desire, 2004, s. 9-10.
  3. Erik Reinert, How Rich Countries Got Rich and Why Poor Countries Stay Poor, Constable 2007, ed 2008, side 79-80.
  4. Erik Reinert, How Rich Countries gor Rich and Why Poor Countries Stay Poor, Constable 2007, ed 2008, side 80.
  5. Gregory Clark, A Farewell to Alms, Princeton University Press 2007, side 339-340.
  6. Gregory Clark, A Farewell to Alms, Princeton University Press 2007, side 304, 310, 314, 316, 340.
  7. Gregory Clark: Why isn't the whole world developed, Cambridge University Press, tabell side 7.
  8. Norsk Industrimuseum - oversikt over bedrifter. Besøkt 10. mars 2015.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Tekstilindustri
Litteratur
  • Bruland, Kristine: British technology and European industrialization : The Norwegian textile industry in the mid nineteenth century, Cambridge 1989.
  • Butler Greenfield, Amy: A Perfect Red – Empire, Espionage and the Quest for the Color of Desire, HarperCollins Publisher, New York 2004, ISBN 0-06-052275-5
  • Gregory Clark: Why isn't the whole world developed, Cambridge University Press, hos Georgetown University, 2009.