Rebeca Andrade

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rebeca Andrade


Statsborgarskap Brasil
Fødd 8. mai 1999 (24 år)
Guarulhos
Idrett turn
Tok del i

Turn under Sommar-OL 2016, Turn under Sommer-OL 2020 – Mangekamp kvinner, Turn under Sommer-OL 2020 – Hopp kvinner, Turn under Sommer-OL 2016 – Mangekamp kvinner, Turn under Sommer-OL 2016 – Mangekamp lagkonkurranse kvinner, Turn under Sommer-OL 2020 – Frittstående kvinner

Utmerkingar

olympisk gullmedalje, olympisk sølvmedalje

Rebeca Rodrigues de Andrade (fødd 8. mai 1999) er ein brasiliansk turnar frå Guarolhos. Ho vart i 2021 olympisk meister i hoppøvinga og i 2022 verdmeister i mangekamp.

Andrade vann gullmedaljen i hoppøvinga både under dei olympiske leikane i Tokyo sommaren 2021, i verdsmeisterskapen i Kitakyushu hausten 2021 og i verdsmeisterskapen 2023 i Antwerpen. I Tokyo-OL la ho også beslag på sølvplassen i mangekampen. Under Turn-VM 2022 i Liverpool gjekk ho heilt til topps i mangekampen, og ho fekk ein bronsemedalje i frittståande. I Turn-VM 2023 kom ho på andreplass i mangekampen, nett som i Tokyo vart ho klart overgått av Simone Biles frå USA. Frå apparatfinalane fekk Andrade med seg gull i hopp, sølv i frittståande og bronse i bom, og i tillegg sikra ho Brasil sølv i lagtevlinga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]