Red Bull

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein boks Red Bull.

Red Bull er ein energidrykk som inneheld koffein, sukker og taurin. Drykken vert produsert av den austerrikske produsenten Red Bull GmbH. I Noreg var det tidlegare ulovleg å selje drykken, av di den inneheldt høgare verdiar av koffein og taurin enn det som er lovleg i energidrykkar. Red Bull vart difor klassifisert som legemiddel. Krav frå EU om fri konkurranse gjorde sidan at energidrykken vart lovleg i Noreg.[1] Den opphavlege Red Bull inneheld blant anna sukker, B-vitamin, taurin og koffein, men i Noreg vil drykken ha ei redusert mengde vitamin B6.

Flaske med Krating Daeng

Red Bull har opphavet sitt i drykken «Krating Daeng» (กระทิงแดง - raud okse) frå Thailand, der den ikkje inneheld kolsyre og har høgare sukkerinnhald. Det var austerrikaren Dietrich Mateschitz som syntes at drykken var ein god kur for jetlag og som difor bestemde seg for å tilpasse drykken til vesten. Red Bull vart lansert i Austerrike i 1987, Ungarn 1992 og USA 1997.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]