Hopp til innhald

Redruth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Redruth
Resrudh
by
Fore Street, sentrum i Redruth.
Land  England
Region Cornwall
Folketal 15 169 (2017)[1]
Postnummer TR15
Retningsnummer 01209
Kart
Redruth
50°13′59″N 5°13′26″W / 50.233°N 5.224°W / 50.233; -5.224
Wikimedia Commons: Redruth

Redruth (kornisk Rysrudh) er ein by og eit verdsleg sokn i Cornwall i England. Han ligg omkring halvanna mil vest for Truro og to mil austom St. Ives.

Historisk var Redruth ein liten marknadsby, inntil han byrja å vekse under koparboomen på 1700-talet. Gruvedrifta i Cornwall var mest fokusert på tinn, medan kopar hadde mindre tyding. Med auka behov for kopar under den industrielle revolusjonen vart Redruth, som var omgjeve av større koparførekomstar, raskt eit av dei største og rikaste sentera for gruvedrift i Storbritannia. Folkesetnaden steig påviseleg i denne perioden.

Mot slutten av 1800-talet importerte Storbritannia det meste av koparen det var behov for, og gruveindustrien i Cornwall møtte nedgangstider. Mange av gruvearbeidarane emigrerte til Nord- og Sør-Amerika, Australasia og Sør-Afrika. Den siste kommersielle gruva i Cornwall, South Crofty, låg ved Pool mellom Redruth og Camborne. Han vart stengd i mars 1998.

Folketalet gjekk som følgje av nedleggingane ned, og det verdlege soknet, som omfattar nokre område utanfor sjølve byen, hadde ved folketeljinga i 2001 12 352 innbyggjarar.

Kjende folk frå Redruth

[endre | endre wikiteksten]

Blant kjende innbyggjarar finn ein William Murdoch (1754–1839) som var ein av pionerene innanfor gassdriven belysning. Han budde i Redruth frå 1792, og skal ha brukt gassbelysning i huset sitt, noko som er eit av dei første døma på slik nytte av gass. Skodespelaren Kristin Scott Thomas og trommeslagaren Mick Fleetwood frå Fleetwood Mac vart fødde i Redruth, medan forfattaren og komikaren Rory McGrath voks opp og gjekk på skule der.

  1. ↑ https://www.cornwall.gov.uk/media/5eobmxvd/tcrf-towns-eligibility-and-populations.pdf. {{cite web}}: Missing or empty |title= (hjelp)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Redruth