Regatta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Regatta med små seglbåtar (segljoller). Det er viktig å halde båten på rett kjøl ved å henge utanbords på losida etter ein trapes festa i masta, og soleis utnytta vinden best mogleg ved ikkje å redusere seglarealet.

Regatta er ein konkuranse mellom mannskap i seglbåtar om å kome fyrst frå start til mål på ei bane markert av utlagde bøyer i sjøen, eller for større seglbåtar eller seglskip, frå start til mål mellom stader langs større havstykke.

For slike typar regatta som går føre seg på baner markert med bøyer, må deltakarane runde bøyene etter ein kurs som er fastsett på førehand av dei som arrangerar regattaen. Vanlege reglar for segling gjeld, mellom anna reglane om vikeplikt for andre seglbåtar.

Regatta, helst omtalt som segling, inngår som ei av konkurransegreinane under dei olympiske sommarleikane.

Nemninga regatta vert òg nytta i somme høve om liknande konkurransar for båtar med motor.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Regatta