Segling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hanse Sail, Rostock
To seglbåtar i ferd med å slå regatta i Storbritannia

Segling er ein sport med lange tradisjonar i kyst og sjøfartsnasjonen Noreg, og det har den vore i uminnelege tider. Som sport kan segling utøvast anten som ein individuell idrett, oftast assosiert med jollesegling, brett og solosegling, eller som ein lagidrett gjerne med kjølbåtar der ein har eit mannskap som arbeider saman mot felles mål. Den største kjølbåtklassen i Noreg i dag er Albin Express med meir enn 100 aktive båter omkring i landet.

Norges Seilforbund vart stifta 1. februar 1970 under eit konstituerande seglting i Oslo Militære Samfunn. Seglsporten vart likevel utført i lang tid før stiftinga av forbundet, og det finst nedteikningar som viser at dei fyrste seglregattaene i Noreg fann stad heilt attende til 1850-åra. Dei fyrste seglforeiningane vart stifta på 1860-talet. Kongelig Norsk Seilforening fungerte som landsforbund til Norges Seilforbund vart stifta. Kong Harald, då kronprins, var den fyrste formannen i forbundets og 37 seglforeiningar var tilslutta forbundet i 1970.

Jollesegling er den aktiviteten som trekkjer til seg flest ungdomar. Dei byrjar med Optimistjolle dei fyrste åra (fram til dei vert 15), og deretter Zoom8, Europajolle, Laser eller Laser Radial dersom ein ynskjer å segle einmannsjolle, 29-ar dersom ein ynskjer å prøve seg i tomannsjolle. I desse klassane vert det segla noregscupar. Dette er regattaer som vert segla overalt i Noreg (ulike stader kvar gong) og som samanlagt tel som uttak til internasjonale mesterskap som VM, EM eller JNoM (Junior Nordisk Mesterskap).

Norges Seilforbund er tilslutta Norges Idrettsforbund og Norges Olympiske Komité, Skandinavisk Seilforbund, European Sailing Federation (Eurosaf), International Foundation for Disabled Sailing (IFDS) og International Sailing Federation (ISAF). Segltinget er den øvste myndigheita til forbundet og det vert arrangert annakvart år. Der vert det valt styre og komitéar for ein toårsperiode. Seglforbundet har tilslutta i overkant av 100 seglforeiningar, 14 særkrinsar og om lag 30 klasseklubbar. Til saman har seglforbundet om lag 23 000 medlemmer. Administrasjonen har sine kontor i Idrettens Hus på Ullevål Stadion og har fire fast tilsette personar i tillegg til to landslagstrenarar.

Omgrep nytta innan segling[endre | endre wikiteksten]

  • Duke: å fange inn eit segl og legge duken fint på rå eller bom.

Båttypar[endre | endre wikiteksten]

Eintypeklassar (alle seglar lik båt) som vert segla i Noreg (alfabetisk rekkjefylgje):

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]