Region
Utsjånad
Ein region (av latin regio, himmelretning, strøk) er eit distrikt, eit større område. Mange land brukar ordet region på ei underinndeling av landet, som alternativ til for eksempel ordet provins. I Noreg er det vurdert å avskaffe fylka og erstatte dei med fem eller seks regionar. EU opererer òg med omgrepet region. Då ofte om område som høyrer naturleg saman, men ikkje nøydvendigvis høyrer til same land. Eit eksempel er Øresund-regionen.