Reichenbachtal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Reichenbachtal sett frå Grosse Scheidegg, med Engelhörner
Reichenbachtal ved Rosenlaui, med Wetterhorn og Rosenlauibreen

Reichenbachtal er ein dal i Oberhasli i kantonen Bern i Sveits. Han ligg i kommunen Schattenhalb, og knyt Meiringen med Grosse Scheidegg-passet mot Grindelwald. Elva som renn gjennom dalen, Reichenbach, dannar Reichenbachfalla før ho munnar ut i Aare i Meiringen.

Rosenlaui er den høgastliggande busetnaden i dalen, om lag halvvegs opp i dalen på 1328 moh. Dalen er òg kjend som Rosenlauital etter busetnaden. Rosenlaui hotell er av dei eldste i regionen og vitnar om tidleg turisme i Sveits på midten av 1800-talet.

På austsida av dalen ligg Wetterhorn (3692 m), Engelhörner (2782 m), Wellhorn (3m), i tillegg til Rosenlauibreen. Aust for dalen ligg Rosenlauischlucht, ei djup og smal kløft danna av smeltevatnet frå Rosenlauibreen.

Lenger opp i dalen ligg Schwarzwaldalp.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Reichenbachtal

Koordinatar: 46°40′48″N 8°8′58″E