Reichskommissar für die besetzten norwegischen Gebiete

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Reichskommissar für die besetzten norwegischen Gebiete var ein tyskspråkleg tittel som Josef Terboven hadde medan han var øvste sivile leiar for den tyske okkupasjonen av Noreg under andre verdskrig. Tittelen kan omsetjast til Rikskommissær for dei hærsette norske områda. Terboven hadde berre Adolf Hitler over seg, og hadde tilnærma diktatorisk mynde. Terboven bygde opp eit administrasjonskontor, som vart omtala som Reichskommissariat Norwegen eller berre som Reichskommissariat. Reichskommissariatet utgav bladet Forordningstidend for de besatte norske områder. I bladet vart det kunngjort ymse vedtak og føresegner som vart vedteke av makthavarane i tida frå april 1940 til 1945. Propagandakontoret Hauptabteilung Volksaufklärung und Propaganda (HAV u. Prop.) stod for utgjeving av ymse propagandamateriell.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]