Forordningstidend for de besatte norske områder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Forordningstidend for de besatte norske områder var eit blad som vart utgjeve av dei tyske okkupasjonsmaktene i Noreg under andre verdskrigen. Bladet hadde parallell tekst på norsk språk og tysk språk. På tysk var tittelen for bladet Verordnungsblatt für die besetzten norwegischen Gebiete. Bladet publiserte ymse vedtak og føresegner som vart vedteke av makthavarane i tida frå april 1940 til mai 1945. Særleg gjaldt dette Josef Terboven, Reichskommissar für die besetzten norwegischen Gebiete. Terboven hadde som rikskommisær noko nær diktatorisk mynde i Noreg.

Statsarkivet i Bergen har skanna inn bladet og lagt det ut på Digitalarkivet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]