Reidar Svare

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Reidar Svare (18. oktober 189913. juli 1976) var ein norsk folkeminnesamlar og lokalhistorikar.

Reidar Svare vart fødd på Mølremma i Marka i Vefsn, der foreldra Berithe Jensdtr og Hans Svare dreiv gard. Reidar Svare utdanna seg som sivilagronom med eksamen frå NLH 1926. Året etter vart han tilsett som redaktør for avisa Norig i Skien. Sidan vart han sekretær i Norges nyttevekstforening. I 1937 fekk han arbeid i Vefsn Sparebank i Mosjøen, der han arbeidde i 30 år, sist som kontorsjef.

Innsamlinga av tradisjonsstoff og folkeminne var først ein fritidssyssel. Han var spesielt opptatt av målføre, språkhistorie og stadnamntyding. Reidar Svare skreiv ei mengd avisartiklar og ei rekkje bøker. Han var også medarbeidar i Norsk Allkunnebok Bøkene hans er skrivne på nynorsk eller radikalt bokmål - men han skreiv nynorsk når han fekk velje språkform sjølv.

Bibliografi:[endre | endre wikiteksten]

  • Far etter fedrane, utg. av Vefsn historielag, 1950
  • Vefsn sparebank gjennom hundre år. 1860-1960. Utg. av Vefsn Sparebank, 1959
  • Vefsn Meieri 1885–1960, utg. 1960
  • Hattfjelldal kommune hundre år- 1862-1962, utg. 1962
  • Gamle stadnamn i Vefsn, 1964
  • Helgeland Maskinforretning A/S gjennom hundre år. 1940-1965, utg. 1965
  • Sett og sagt, 1967
  • Skulestellet i Vefsn fram til 1900 : Lærar, klokkar og prestebiografiar, Vefsn bygdebok særbind I, 1970
  • Frå gamal tid, Vefsn bygdebok særbind II, 1973

Kjelder[endre | endre wikiteksten]