Reidar Svein Sigmond
| Reidar Svein Sigmond | |||
| Fødd | 23. oktober 1931 | ||
|---|---|---|---|
| Død | 12. juni 2024 | ||
| Yrke | fysikar | ||
Reidar Svein Sigmond (23. oktober 1931–12. juni 2024)[1] var ein norsk fysikar. Han arbeidde mellom anna med gassutladingsfysikk, mellom anna utladingar og overslag i høgspenningsanlegg og om korleis lynnedslag går føre seg. Han var ein pioner innanfor praktisk utvikling av høgspenningsbrytarar som nyttar SF6-gass som isolasjonsmiddel.
Sigmond tok utdanning som sivilingeniør ved NTH i 1956 og var dosent her frå 1965 til 1984. Frå 1985 var han professor i teknisk fysikk.
Han viste ved målingar under høgspenningslinjer gjennom det radioaktive området rundt Tsjernobyl-reaktoren at slike kraftlinjer i særs liten grad produserer eller fell ut moglege helseskadelege kjemikaliar frå lufta.
Reidar Sigmond skreiv boka Vakuumteknikk, som kom ut på Tapir forlag i 1979.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Reidar Svein Sigmond | Dødsannonse», Minnesider (på bokmål), henta 2025-12-11
- Grøn, Øyvind (2009-03-09). «Reidar Svein Sigmond». Store norske leksikon. Arkivert frå originalen 2011-08-17. Henta 10. november 2013.