Tsjernobyl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tsjernobyl
russisk Чернобыль, ukrainsk Чорнобиль, Tsjornobyl
Forlaten by
Land  Ukraina
Oblast Kiev oblast
Rajon Ivankiv rajon
Koordinatar 51°16′20″N 30°13′27″E
Areal 25 km²
Folketal 500  (2012)
Grunnlagd 1100-talet
Postnummer 07270
Retningsnummer +380 4493
Kart
Tsjernobyl
51°16′0″ N 30°13′0″ E
Wikimedia Commons: Chornobyl
region:UA_type:landmark)
Ein butikk i Tsjernobyl. Teksten på vindauget seier "Café Bar".

Tsjernobyl (russisk Чернобыль) eller Tsjornobyl (ukrainsk Чорнобиль) er ein forlaten by i den avgrensa Tsjernobylsonen nord i Kiev oblast i Ukraina, nær grensa til Kviterussland. Byen var tidlegare det administrative senteret i Tsjernobyl rajon frå 1932.

Byen vart evakuert i 1986 som følgje av Tsjernobylulukka i Tsjernobyl atomkraftverk, 14,5 km mot nordvest. Atomkraftverket låg i Tsjernobyl rajon (Distrikt), men byen var ikkje bustad for arbeidarane på kraftverket. Då atomkraftverket vart bygt, vart Prypjat, ein større by som låg nærare kraftverket, bygt for å huse arbeidarane. Etter ulukka vart styret av Tsjernobyl rajon overført til nabodistriktet Ivankiv rajon.

Sjølv om byen i dag stort sett er tom, bur det eit fåtal folk i husa markerte med skilt som seier at «Eigaren av dette huset bur her». Arbeidarar på vakt og administrativt personell i evakueringssona er i dag stasjonerte i byen. Før evakueringa budde det kring 14 000 innbyggjarar i byen.[1] Byen Slavutytsj vart bygt spesifikt for å huse dei evakuerte menneska i Tsjernobyl og Prypjat.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Bynamnet er det same som eit lokalt ukrainsk namn for burot, tsjornobyl.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tsjernobyl vart først nemnt i skriftlege kjelder i 1193 som ei jakthytte for knjaz Rostislavitsj.[3][4] Han var ein kronlandsby i Storhertugdømet Litauen på 1200-talet. Landsbyen vart gjeven som eit len til Filon Kmita, ein kaptein i det kongelege kavaleriet, i 1566. Provinsen med Tsjernobyl vart overført til Kongedømet Polen i 1569 og så annektert av Det russiske imperiet i 1793.[5] Før 1900-talet var Tsjernobyl busett av ukrainske og somme polske bønder og relativt mange jødar.

Tsjernobyl har ei rik religiøs historie. Jødane vart ført hit av Filon Kmita, under den polske koloniseringa. Tradisjonelle austleg ortodokse kristne bønder vart i stor grad tvungen til å konvertere til den gresk-katolske kristendomen etter 1596 og så attende til austleg-ortodoks kristendom av tsaren etter delingane av Polen. Dominkanarordenen bygde ei kyrkje og eit kloster her i 1626. På andre halvdel av 1700-talet vart Tsjernobyl eit stort senter for hasidisk jødedom. Jødane leid av pogromar i oktober 1905 og mars-april 1919, då mange jødar vart drepne eller plyndra.

Under første verdskrigen vart landsbyen okkuper tog i den påfølgjande borgarkrigen kjempa bolsjevikar og ukrainarar om Tsjernobyl. I den polsk-sovjetiske krigen 1919–20 vart han ført teken av den polske armeen og så av kavaleriet i den raude armeen. Frå 1921 var han ein del av Ukrainske SSR.[3]

I perioden 1929-1933 leid Tsjernobyl av massedrapa under kollektiviseringa til Stalin og i Holodomor (svelta) som følgde. Det polske samfunnet i Tsjernobyl vart deportert til Kasakhstan i 1936 under Grensereinsingane. Det jødiske samfunnet vart utrydda under den tyske okkupasjonen i 1941-1944.[3] Tjue år seinare vart det første atomkraftverket på ukrainsk jord bygt her.

Med oppløysinga av Sovjetunionen i 1991 vart Tsjernobyl verande ein del av Ukraina.

Tsjernobylulukka[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Tsjernobylulukka.

26. april 1986 eksploderte reaktor 4 i Tsjernobyl atomkraftverk nær byen Prypjat i Ukraina. 40 timar etter eksplosjonen fekk innbyggjarane i Prypjat ordre om å evakuere og dei fleste kom aldri attende. I løpet av desse timane hadde mange innbyggjarane alt byrja å bli stråleforgifta.

Kjende personar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mould, Richard. «Evacuation zones and inhabitants». Tsjernobyl Record. Bristol, England: Institute of Physics. s. 105. ISBN 0-7503-0670-X. 
  2. Gernot Katzer's Spice Pages, Mugwort (Artemisia vulgaris L.), by Gernot Katzer, 4 juli 2006.
  3. 3,0 3,1 3,2 Norman Davies, Europa: A History, Oxford universitet Press, 1996, ISBN 0-19-820171-0
  4. Chernobyl ancient history and maps Arkivert 2009-08-31 ved Wayback Machine..
  5. Davies, Norman (1995) "Chernobyl", The Sarmatian Review, vol. 15, No. 1.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]