Reigate
| Reigate | |||
| by | |||
Reigate Heath Windmill. Foto: Ian Capper | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Surrey | ||
| Distrikt | Reigate and Banstead | ||
| Folketal | 22 123 (27. mars 2011) | ||
| Postnummer | RH2 | ||
| Retningsnummer | 01737 | ||
![]() Reigate 51°14′16″N 0°12′21″W / 51.237644444444°N 0.20583333333333°W | |||
| Wikimedia Commons: Reigate | |||
Reigate er ein by i Surrey i England. Han ligg nær London, og ein stor del av den yrkesaktive folkesetnaden er pendlarar.
Soge
[endre | endre wikiteksten]Vilhelm Erobraren gav området rundt Reigate til ein av offiserane sine, William de Warenne, som vart første jarl av Surrey i 1088. Sonen hans, William de Warenne, 2. jarl av Surrey, var truleg ansvarleg for at Reigate Castle vart reist. Dette var berre eit støttepunkt; familien hadde hovudresidens i Lewes i Sussex.
Omkring 1150 grunnla de Warenne ein ny by, Reigate, nedanfor slottet. Ei mindre busetjing i nærleiken, Cherchefelles, vart erstatta av denne nye byen. Ein trur namnet Reigate kjem frå Roe-deer Gate (rådyrporten), då byen låg rett ved inngangen til rådyrparken til de Warenne, som no er delt inn i Priory Park og Reigate Park. Det blir at fortalt før Magna Carta vart signert i 1215 møttest dei opprørske baronane i hòler under slottet for å klargjere detaljane i dokumentet. Slottet byrja å forfalle, og i 1648 vart det rive.
På 1200-talet vart Reigate Priory, eit kloster for regulære kannikar frå Augustinerordenen, oppretta. I 1535, under oppløysinga av klostra, gav Henrik VIII klostret og eigedomane til William Howard, 1. baron Howard av Effingham, som gjorde det om til residensen til familien. Slekta levde der i over 140 år, og etterkommerne inkluderte Charles Howard, 1. jarl av Nottingham, som hadde kommandoen over styrken som sigra over den spanske armadaen. Bygningen blir no brukt som skule.
Anna
[endre | endre wikiteksten]Ein av dei kjende «borgarane til byen» er papegøyen Charlie, som skal ha vorte lært opp til å forbanne Hitler av Winston Churchill. Ein meiner at Charlie er den eldste fuglen i Storbritannia.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Reigate» frå Wikipedia på bokmål, den 14. juli 2011.
