Rekneskapsanalyse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Rekneskapsanalyse er eit delområde innanfor fagfeltet finansrekneskap (også kalla ekstern rekneskap i motsetnad til intern rekneskap). Finansrekneskap vert delt i områda utarbeiding av finansrekneskap (gjerne berre kalla finansrekneskap) og rekneskapsanalyse, dvs bruk av den utarbeida finansrekneskapen til økonomisk kontroll eller økonomiske avgjerder.

Rekneskapsanalyse har som mål å avdekkje underliggjande økonomiske forhold i den verksemda som vert analysert. Rekneskapsanalyse vert gjerne kopla med strategisk analyse til strategisk rekneskapsanalyse. Strategisk analyse er den kvalitative analysen medan rekneskapsanalyse er den kvantitative analysen (talanalyse). Målet er det same - å forstå underliggjande økonomiske forhold.

Utgangspunktet for rekneskapsanalyse er den rapporterte finansrekneskapen - og vert vanlegvis gjennomført i tre steg: 1) Omgruppering for rekneskapsanalyse. 2) Analyse og justering av målefeil i rapporterte tal. 3) Forholdstalsanalyse. Resultatet av analysen er innsikt i underliggjande økonomiske forhold som kan nyttast vidare til kreditt- og/eller verdivurdering av den analyserte verksemda.

Omgruppering for analyse inneber at rekneskapstala vert omgrupperte frå rapporterte tal til omgrupperte tal som på ein betre måte får fram det analytikaren ynskjer. Eit døme er at rapporterte tala fokuserer på nettoresultatet ("earnings") i samsvar med god rekneskapsskikk i Noreg eller internasjonalt. Men for analyse, særleg investororientert analyse, er det relevant å fjerne unormale postar for slik berre å fokusere på det normaliserte resultatet. I den omgrupperte resultatoppstillinga vert det difor skilt mellom unormalt og normalt resultat, frå drift og frå finansiering.

Analyse av målefeil tek sikte på å finne ut kor godt rapporterte rekneskapstal syner underliggjande økonomiske forhold. Avvik mellom rapporterte og "faktiske" tal er målefeil. Desse målefeila kan kome på grunn av historisk kostprinsippet (målefeil av type 1), dårleg periodisering innanfor historisk kost (type 2) eller på grunn av kreativ rekneskapsføring (type 3). Analysen av målefeil har som mål å finne ut kor rapporterte tal avvik frå verkelege tal. Dersom slike avvik vert funne av analytikaren, er det naturleg å justere for desse målefeila. Det omgrupperte og justerte resultatet vil i investororientert analyse vere eit normalisert resultat som på ein god måte reflekterer underliggjande økonomiske forhold.

Forholdstalsanalyse tek utgangspunkt i omgrupperte og justerte tal. Det er vanleg å skilje mellom to typar forholdstalsanalyse - analyse av risiko og analyse av lønsemd. Analyse av risiko tek sikte på å avdekkje kortsiktig likviditetsrisiko eller langsiktig soliditetsrisiko - og vert gjerne oppsummert gjennom syntetisk rating. Analyse av lønsemd samanliknar rentabiliteten til verksemda med det estimerte kravet til avvkasting. Rentabiliteten vert også splitta opp i underliggjande kjelder til lønsemd. Fokuset er gjerne på drift og finansiering. Analyse av rentabilitet er nært knytt til analyse av vekst.