Republikken Gulating

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Republikken Gulating, med referanse til det historiske Gulatinget, vart som eit stunt proklamert som ein sjølvstendig stat 4. juni 2005, på Kystfestivalen 61° Nord i Eivindvik, Gulen, Sogn og Fjordane. Samstundes vart også Øyvind Heitmann utnemnd til «stasminister» («pride minister») av lokalhistorikaren Magnor Midttun. Heitmann er drivkrafta bak Republikken Gulating.

Den fiktive republikken skulle vere eit område vest og sør i Kongeriket Noreg. Området omfatta fylka Hordaland, Sogn og Fjordane, Rogaland, Vest-Agder, Aust-Agder, og regionane Sunnmøre, Valdres og Hallingdal.

Republikken deltok på protestmarsj mot monstermaster i Hardanger 14. august 2010. Dette var første gong vestlandsflagget var i offentleg bruk utanfor Gulen.

Andre nettstader[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkelen byggjer på ei omsetjing av artikkelen Kystfestivalen 61° Nord henta frå Wikipedia på bokmål 23. oktober 2006.