Resarspel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skjermbilete frå det franske resarspelet Vroom

Resarspel eller racerspel er ein dataspelsjanger der spelaren deltek i kappløp med land-, vass-, luft- eller rombaserte fargreier, anten i første- eller tredjepersons perspektiv. Spela kan basere seg på alt frå res i den verkelege verda til heilt oppdikta settingar.

Generelt kan resarspel fordelast i eit spekter frå realistiske simulatorar, som Gran Turismo, til meir arkadeliknande variantar med urealistiske element, som Burnout.

Resarspel kan falle under kategorien sportsspel.

Spire Denne dataspelartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.