Resolusjon 1701 frå Tryggingsrådet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Resolusjon 1701 frå Tryggingsrådet vart vedteken 11. august 2006 under krigen i Libanon dette året, og bed om at Israel og Hizbollah endar den væpna striden seg imellom. Han bed om at Hizbollah trekkjer seg attanfor Litanielva, og Israel attanfor den blå lina. Han bed òg om at det libanesiske forsvaret og SN-styrken UNIFIL går inn i Sør-Libanon, og skal vera dei einaste styrkane i området mellom den blå lina og Litanielva.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Security Council Resolution 1701: The situation in the Middle East». SN. Henta 2. mars 2023.