Reststråling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Reststråling er den strålinga som blir tilbake når infraraud stråling reflekterast fleire gonger frå fleire like krystall. Den kraftige refleksjonen kjem av resonans mellom den reflekterte strålinga og svingingar i molekyla til det reflekterande stoffet. Strålinga inneheld difor berre ein eller nokon få avgjorde bølgjelengder. Ved å måle den karakteristiske bølgjelengda for reststrålinga kan ein få opplysningar om oppbygginga til krystalla. Reststråling vart oppdaga av den tyske fysikaren Heinrich Rubens og den amerikanske fysikaren Ernest Fox Nichols 1897.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]