Resonans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Resonans, innan akustikk òg kalla gjenklang, er det fenomenet at eit svingedyktig system vil oppta energi og kome i sterke svingingar når det blir påverka av ei periodisk kraft med same frekvens som systemet sin eigen frekvens.

Fenomenet er særs utbreidd i naturen i dei ulikaste formene. Held ein ein svingande stemmegaffel i nærleiken av ein annan med same svingetal, byrjar den siste å svinge. Maskiner kan kome i resonans ved bestemde turtal, dersom desse tilfeldigvis passar med eigensvinginga for maskina eller fundamenta til maskina. I teknikken kan slik resonans vere årsak til samanbrot av dei delane som kjem i resonans, fordi svingingane går over kva materialen toler. Bruer kan kome i resonans og bryte saman når det marsjerast i takt over dei. Ein har òg døme på at ei hengebru (Tacoma bridge) ved ein bestemd vindstyrke kom i så sterke svingingar at ho gjekk i stykke og fall i elva.

Ved radio blir resonans brukt til avstemming av ein mottakerkrins på ei innkomande bølgje.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]