Rettar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Rettar er rettslege, sosiale eller etiske prinsipp knytte til fridom og privilegium innan eit system av lov og rett. Dei omfattar normative reglar om kva folk har lov til eller forbod mot å gjera innan eit visst rettssystem, samfunnsordning eller etisk teori.

Viktige dokument[endre | endre wikiteksten]

  • Magna Carta (England, 1215)
    • Kravde at kongen av England skulle gje frå seg visse rettar og respektera visse juridiske prosedyrar, og dessutan akseptera at sjølv viljen til kongen kunne vera bunden av lov.
  • Bill of Rights (England, 1689)
    • Erklærte at engelskmenn, gjennom Parlamentet, har visse sivile og politiske rettar som ein ikkje kan ta frå dei.
  • Erklæringa om rettane til mennesket og borgarane (1789; Frankrike)
    • Eit av dei fundamentale dokumenta frå den franske revolusjonen, som definerte eit sett av individuelle rettar og kollektive rettar for folket.
  • Bill of Rights (USA, 1789/1791)
  • Menneskerettsfråsegna (SN, 1948)
    • Ei lang rekke standardar der regjeringar, organisasjonar og individ kunne samanlikna oppførselen sin i høve til kvarandre.
  • Den europeiske menneskerettskonvensjonen (1950)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Rettar