Hopp til innhald

Reuters

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Reuters


BransjeTelekommunikasjonsbransjen
Skipaoktober 1851
EigarThomson Reuters
MorselskapThomson Reuters
HovudkontorLondon
LandStorbritannia
Grunnleggjar(ar)Paul Julius Reuter
Adm.dir.Stephen J. Adler
Nettstadhttps://www.reuters.com (engelsk)

Reuters er eit internasjonalt nyheitsbyrå grunnlagt i 1851 av Paul Julius Reuter. Føretaket fekk byrjinga si med å senda kursnoteringar over den nye telegraflinja mellom børsane i London og Paris. Reuters fekk etter kvart renommé for å vera den første til å kunngjera nyheiter frå utlandet.

Byrået utvikla etter kvart stor kompetanse innan nyheitsformidling, samtidig som finansnyheiter blei stadig viktigare. I dag abonnerer nesten alle nyheitsorganisasjonar på tenester frå Reuters. Byrået er etablert i 200 byar og 94 land, og formidlar nyheitsstoff på 19 språk.

Reuters har hovudkontor i London, og har 14 700 tilsette.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Reuters