Revir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
To sjøroser slost om revir.

Eit revir eller territorium er eit geografisk avgrensa område som eit dyr forsvarar mot andre individ av same art, frå tid til annan òg mot andre artar. Dyr som viser slik åtferd vert kalla territoriale.

Ein jo forsvarar reviret sitt mot menneske på Fair Isle.

Det er få dyr som er territoriale i klassisk forstand, det vil seie at reviret deira inneheldt ein reirplass og nok ressursar til at individet (ofte òg avkommet til individet) kan leva av dei. Dei mest openberre døma på denne typen territorium finn me hjå fuglar og fisk; særleg hjå artar med sterke fargeteikningar, som t.d. raudstrupe og siamesisk kampfisk.

To hann-paradisfisk kjempar om revir i eit lite akvarium.

Forsvaret av desse territoria tek sjeldan form av direkte kamphandlingar; som regel vert «eigarskapstilhøvet» markert gjennom synlege (som det raude brystet til raudstrupa), høyrbare (som fuglesong eller skrika til brølapen) eller luktande (gjennom utskiljing av luktsekret) markeringar. Mange territoriale pattedyr merker grensene til områda sine med luktande sekret som dei som regel skil ut gjennom urin eller spesielle kjertlar på kroppen.