Revsbotn

Koordinatar: 70°43′18.214″N 24°20′24.756″E / 70.72172611°N 24.34021000°E / 70.72172611; 24.34021000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

70°43′18.214″N 24°20′24.756″E / 70.72172611°N 24.34021000°E / 70.72172611; 24.34021000

Revsbotn
fjord
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommunar Hammerfest, Måsøy
Kart
Revsbotn
70°43′18″N 24°20′25″E / 70.72172611°N 24.34021°E / 70.72172611; 24.34021

Revsbotn (samisk Jáhkovuotna) er ein fjord langs kommunegrensa mellom Hammerfest og Måsøy i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 20 km søraustover til bygda Kokelv i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Sauneset i nord og Kråkefjellneset i sør. Dei største busetnadane ligg langs nordaustsida av fjorden. Slåtten er ei bygd inst i Slottenbukta på nordaustsida. Litt lenger inn i fjorden stikk Kvalnesklubben ut i fjorden og inn forbi her ligg den vesle fjordarmen Lillefjorden og grenda Lillefjord. På sørvestsida ligg grendene Bekkarbukt og Revsneshamn ytst i fjorden. Desse har vegsamband seg i mellom, men ikkje til resten av kommunen. Fjorden er 230 meter på det djupaste, like sør for Slottenbukta.

Riksveg 889 går langs den indre delen av nordaustsida ut til Slotten.