Kokelv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kokelv
stad
Kokelv kirke.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Troms og Finnmark
Kommune Hammerfest
Postnummer 9715 KOKELV
Preposisjon i Kokelv

Kokelv
70°36′47″ N 24°39′9″ E

Kokelv (nordsamisk Goavkejohka eller Jàhkovuona) er ei bygd og eit kyrkjesokn i Kvalsund-området i Hammerfest kommune, nordvest i Finnmark-området i Troms og Finnmark fylke.

Bygda ligg inst i fjorden Revsbotn. I Kokelv ligg Kokelv sjøsamiske museum, Kokelv kyrkje, reiselivsverksemda Kokelv Sjøhus og barne- og ungdomsskulen Kokelv skole. Bygda har òg eit grendehus og eit bu- og servicessenter.

Kokelv kyrkjesokn[endre | endre wikiteksten]

Kokelv er eit kyrkjesokn i Hammerfest prosti i Den norske kyrkja.[1] Soknet femner den nordre delen av Kvalsund kommune, medan Kvalsund sokn femner den sørlege delen.

Soknet har ei kyrkje, Kokelv kyrkje frå 1960. Kyrkja blei bygd av tyske fredsvener (Aksjons soningstegn) etter andre verdskrigen. Ho blei innvigd første søndag i advent 1960, då to av dei tyske byggjarane også blei vigde der.[2]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Bygda ligg på 70. breiddegrad nord og 24. lengdegrad aust.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Om Kokelv sokn på nettstaden til Den norske kyrkja».  Vitja 29. juni 2009
  2. Kokelv kirke, www.hammerfest-turist.no

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]