Rhesusape-rhadinovirus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rhesusape-rhadinovirus
Systematikk
Rike: Virus Virus
Orden: Herpesvirales
Familie: Herpesviridae
Underfamilie: Gammaherpesvirinae
Slekt: Rhadinovirus
Art: Rhesusape-rhadinovirus Macacine herpesvirus 5
Vitskapleg namn
Macacine herpesvirus 5

Rhesusape-rhadinovirus (RRV) er eit rhadinovirus som kan infisera rhesusapen. Det er eit av dei nærast skylde virusa til menneskeviruset Kaposi-sarkom-assosiert herpesvirus (KSHV) og er nytta som modell for dette viruset. Rhesusape-rhadinovirus vart oppdaga på slutten av 1990-talet og er ein prototype for RV2-ættelina av rhadinovirus.[1][2]

Rhesusape-rhadinoviruset har eit genom på 130 000 basepar. Nesten alle gena har homologar hjå Kaposi-sarkom-assosiert herpesvirus, men båe artane har òg særeigne gen.[2] Fleire mikro-RNA er kjende frå viruset.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bruce, A. Gregory; Thouless, Margaret E.; Haines, Anthony S.; Pallen, Mark J.; Grundhoff, Adam; Rose, Timothy M. (2015). «Complete Genome Sequence of Pig-Tailed Macaque Rhadinovirus 2 and Its Evolutionary Relationship with Rhesus Macaque Rhadinovirus and Human Herpesvirus 8/Kaposi's Sarcoma-Associated Herpesvirus». Journal of Virology 89 (7): 3888. PMID 25609822. doi:10.1128/JVI.03597-14. 
  2. 2,0 2,1 o'Connor, C. M.; Kedes, D. H. (2007). «Rhesus Monkey Rhadinovirus: A Model for the Study of KSHV». Kaposi Sarcoma Herpesvirus: New Perspectives. Current Topics in Microbiology and Immunology 312. s. 43. ISBN 978-3-540-34343-1. doi:10.1007/978-3-540-34344-8_2. 
  3. Umbach, Jennifer L.; Strelow, Lisa I.; Wong, Scott W.; Cullen, Bryan R. (2010). «Analysis of rhesus rhadinovirus microRNAs expressed in virus-induced tumors from infected rhesus macaques». Virology 405 (2): 592. PMID 20655562. doi:10.1016/j.virol.2010.06.036. 
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.