Ribeauvillé
| Ribeauvillé | ||
|---|---|---|
|
| ||
| Land Region Departement |
Frankrike Grand Est Haut-Rhin | |
| Flatevidd | 32,21 km² | |
| Flatevidd • By |
32,21 km² | |
| Innbyggjarar • By (1999) - folketettleik |
4 929 153/km² | |
| Koordinatar | 48°12′N 07°19′E / 48.200°N 7.317°E | |
| Høgd | 240 m | |
| Tidssone • Ved sommartid |
CET (UTC+1) UTC+2 (UTC) | |
| Postnummer | 68150 | |
| Nettstad: http://www.ribeauville.fr | ||
Ribeauvillé (elsassisk Rappschwihr; tysk Rappoltsweiler) er ein by og kommune nordaust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Haut-Rhin i regionen Grand Est og har om lag 5 000 innbyggjarar.
Den pittoreske byen ligg om lag 15 km nord for Colmar og 75 km sør for Strasbourg.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Byen vart på 700-talet kalla Rathaldovilare og byen gjekk frå biskopane av Basel til herrane av Rappoltstein, som var dei mest kjende adelsmenna i Alsace. Herrane av Rappoltstein verna dei omvandrande trubadurane i landet mot betaling.
Då familien forsvann i 1673 gjekk denne oppgåva som «konge over spelemenna» (Pfeiferkönig) vidare til greveane av Zweibrücken-Birkenfeld. Trubadurane hadde eit pilegrimskapell nær Rappoltsweiler tileigna vernehelgenen deira Maria von Dusenbach, og her heldt dei ein fest den 8. september kvart år. Ribeauvillé vart kalla Rappoltsweiler fram til 1800-talet.
