Ribose

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Strukturen til D-ribose

Ribose (kjemisk formel C5H10O5) er eit monosakkarid og ein pentose. Det spelar ei viktig rolle i biokjemien som ein byggestein i nukleosid og i nukleotid i nukleinsyra RNA.

Deoksyribose, som har eit hydrogenatom i staden for OH-gruppa ved karbonatom nummer 2, er òg viktig; mellom anna som komponent i DNA.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«ribose» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 9. februar 2016.

Spire Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.