Hydroksyl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Illustrasjon av ei sambinding med ei hydroksylgruppe. Frå hydroksylgruppa er oksygenatomet i raudt og hydrogenatomet i grått. Resten av molekylet er merkt R.

Hydroksyl er den uladde atomgruppa OH når ho er eit fritt radikal eller innbytar for hydrogen. Eit døme er hydroksylamin (NH2OH), der OH-gruppa kjem i staden for eitt av hydrogenatoma i ammoniakk (NH3). Som fritt radikal er hydroksyl påvist spektroskopisk i interstellart rom.

Den negativt ladde atomgruppa OH- vert kalla hydroksidion, og som ligand i komplekse sambindingar vert ho kalla hydrokso (sjå hydroksosalt). Som innbytar i organiske sambindingar vert OH-gruppa kalla hydroksy, til dømes hydroksyeddiksyre (CH2(OH)COOH).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]