Rica de Oro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Rica de Oro (spansk 'rik på gull') er ei fantomøy som ein lenge trudde låg i det nordvestlege Stillehavet, ikkje langt unna Rica de Plata ('rik på sølv'), ei anna fantomøy. Namnet på øya har sitt opphav i den spanske oppdagingstokta på 1500-talet. Øya blei først rapportert av den spanske sjøfararen Francisco Gali, som høyrde rykta blant portugisarane i Macao i 1582. Fem år seinare fekk Pedro de Unamuno i oppdrag frå den spanske krona til å finne øya - utan å lukkast.

Fleire hundreår gjekk utan hell samstundes som øya blei avteikna på kart over Stillehavet. Sjølv om mange etter kvart tvilte på eksistensen av øya, var fleire ekspedisjonar på utkikk etter henne, mellom anna hollendaren Abel Janszoon Tasman.

Ein trudde lenge at øya låg ein stad mellom 29°N og 35°N, medan James Cook avteikna øya på 30°N, 155°A utan at han sjølv hadde sett henne. I 1801 meinte kaptein Crespo på skipet «El Rey Carlos» at han observerte øya og plasserte henne 34°N, 169°A.

Fantomøya Rica de Oro var sist avteikna så seint som i Times Survey Atlas i 1922.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Stommel, Henry. 1984. Lost Islands. The story of islands that have vanished from nautical charts. University of British Columbia Press: Vancouver

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]