James Cook

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
James Cook

James Cook (27. november 172814. februar 1779) var ein britisk oppdagar og navigatør som blei fødd i North Yorkshire i England og blei drepen på Hawaii. Han gjorde tre oppdagingsreiser i Stillehavet, der han kartla mesteparten av kystane, og siglde i tillegg rundt Atlanterhavet og det indiske havet.

Reisene[endre | endre wikiteksten]

Dei tre stillehavsreisene.

Den første reisa til Cook (17681771), med skipet MH «Bark Endeavour», gjekk til Tahiti og New Zealand. Han kartla kystlinja frå New Zealand og fann sjøvegen mellom dei to øyane, som seinare er blitt kalla Cook Strait. Cook fann òg ei lei gjennom det store barriererevet, og viste at Australia og Ny-Guinea ikkje heng saman.

Under den andre reisa (17721775) vart han den første europearen som passerte den sørlege polarsirkelen, og hittade Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane.

På den tredje reisa (17761780), med HMS «Resolution», fann Cook den største øya på Hawaii. Deretter utforska han vestkysten av Nord-Amerika og leita etter nordvestpassasjen. Tilbake på Hawaii blei han drepen i kamp med dei som budde der.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Ved å ta i bruk ny astronomi til navigasjon gjorde Cook store nybrott for sjøfarten. Han blei òg kjend for å unngå skjørbuk blant mannskapet sitt ved å sørga for eit næringsrikt kosthald.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: James Cook