Richard Temple, 1. vicomte Cobham
Richard Temple, 1. vicomte Cobham | |
![]() | |
Fødd | 24. oktober 1675 Parchim |
---|---|
Død | 13. september 1749 (73 år) |
Statsborgar av | Kongeriket Storbritannia |
Parti | Whigpartiet |
Yrke | militær, politikar |
Utdanna ved | Eton College |
Mor | Mary Knapp |
Far | Sir Richard Temple, 3rd Baronet |
Ektefelle | Anne Halsey |
Alle verv |
|
Richard Temple, 1. vicomte Cobham PC (24. oktober 1675–14. september 1749) var ein britisk soldat, feltmarskalk og Whig-politikar. Han var som eigar av Stowe House og for å tene som politisk mentor for den unge William Pitt.
I militæret utmerkte han seg under felttoga til Hertugen av Marlborough i den spanske arvefølgjekrigen, særleg under omleiringa av Lille i 1708.
Då kong Georg I tok over trona, gav han Temple forskjellige adelstitlar, først baron Cobham i 1714, så vicomte av Cobham og baron Cobham i 1718. Cobham vart Privy Councillor i 1716.[1]
I 1719, under kvadrupelalliansekrigen leia han 4000 soldatar i eit raid på den spanske kysten, der han erobra Vigo og okkuperte byen i ti dagar før han trekte seg attende.[2]
Som politikar støtta Temple Whig-partiet, og han vart Lord Lieutenant av Buckinghamshire og guvernør på Jersey (1723–1749). I 1742 vart han feltmarskalk.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Richard Temple, 1st Viscount Cobham» frå Wikipedia på engelsk, den 22. april 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Matthew Kilburn, ‘Temple, Richard, first Viscount Cobham (1675–1749)’, Oxford Dictionary of National Biography, Oxford University Press, Sept 2004; online edn, Oct 2005, accessed 17 Aug 2010.
- N. A. M. Rodger, Command of the Ocean: A Naval History of Britain, 1649-1815 (Penguin Books, 2006).
- Basil Williams, The Life of William Pitt, Earl of Chatham (London: Longmans, Green, and Co., 1914).
- Permanent Lieutenants of Buckinghamshire