Eton College

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eton College
Grunnlagd1440
KommuneEton i Berkshire
LivssynDen engelske kyrkja
Nettstadhttp://www.etoncollege.com/
Kart
Eton College
51°29′30″ N 0°36′34″ W

Eton College er ein privatskule (engelsk public school) i Eton, England. Den eksklusive skulen er for gutar i alderen 13–18 år.

Det går om lag 1200 elevar på skulen. Dei betaler ei årleg avgift på om lag 23 000 pund, og får i byte svært gode bu- og læringstilhøve. Som på dei fleste public schools er gjennomsnittskarakterane svært gode.

Skulen er kjend for dei tidlegare elevane sine, dei såkalla Old Etonians, og for dei gammaldagse tradisjonane ein held i hevd der. Dette inkluderer ei uniform som er sett saman av kjole og kvitt og smalstripa bukser. Uniforma vart fyrst nytta under sørgjeperioden etter Georg III, og vert no nytta i skuletida. Det finst òg ei rekkje slanguttrykk som stammar frå Eton, og som vert nytta i dei øvre samfunnslaga.

Eton College er populær i kongefamilien, og nitten britiske statsministrar har vore elevar der. Det er òg mange Old Etonians i det britiske militæret.

Historie[endre | endre wikiteksten]

King's College of Our Lady of Eton vart skipa av Henrik VI i 1440. Målet var å gje gratis utdanning til 70 fattige studentar, som seinare skulle studera vidare ved King's College, Cambridge, som vart skipa av den same kongen året etter. Om lag helvta av den fyrste staben, og dessutan den fyrste rektoren, kom frå Winchester College. Denne skulen var modell for Eton.

Nicholas Udall, rektor frå 1534 til 1541, er kjend som den fyrste personen som vart fengsla for brot på Buggery Act av 1533, ei lov mot homoseksuell omgang.

På 1600-talet var han ikkje lenger ein skule berre for utvalde studentar, og det vart populært blant rike familiar å senda søner dit.

Det er hevda at hertugen av Wellington ein gong sa at «slaget ved Waterloo vart vunne på speleplassane til Eton». Mange tvilar på om han verkeleg sa dette, for skulen hadde ingen speleplassar eller organiserte idrettsaktivitetar då han gjekk der på slutten av 1700-talet. Han likte seg heller ikkje særleg godt som elev der, men vitja seinare i livet skulen fleire gonger, og var særs populær blant elevane og blant staben.

Eton College, Provost's Garden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Eton College