Riksförbundet för sexuell upplysning
Riksförbundet för sexuell upplysning | |||
![]() | |||
Skipa | 1933 | ||
---|---|---|---|
Nettstad | http://www.rfsu.se/en/Engelska/ ![]() |
Riksförbundet för sexuell upplysning (RFSU) er ein svensk ideell organisasjon som arbeider med seksuell og reproduktiv helse og rettar, og med informasjon og opplysing kring seksualitet og samliv.[1] Ei av dei viktigaste kampsakene har vore og er retten til fri abort.[2]
Arbeidet til RFSU kviler på tre rettar: retten til å vera, retten til å nyta og retten til å velja.
Virke
[endre | endre wikiteksten]RFSU arbeider med opplysning, utdanning og opinionsdanning gjennom å arrangera kurs, konferansar, og delta i debattar. Dessutan driv organisasjonen eit omfattande internasjonalt arbeid saman med liknande organisasjonar i andre land. Han er medlem av IPPF (The International Planned Parenthood Federation).[3]
RFSU sin klinikk i Stockholm arbeider med prevensjonsrettleiing, seksualrådgiving, psykoterapi og råd, testar og vaksiner mot nokre seksuelt overførbare sjukdommar.[4] Klinikken arbeider også med forsking og utdanning.
Lokalforeiningane arbeider med informasjon og utdanning. Lokalforeiningane kursar frivillige som driv med opplysning i skular.
Historie
[endre | endre wikiteksten]RFSU blei grunnlagt 1933 av blant anna Elise Ottesen-Jensen,[5] Gunnar Inghe og Hanna Lundin. Elise Ottesen-Jensen var leiar frå starten til 1959, og ho er den som sterkast blir forbunde med organisasjonen. Tidsskriftet til RFSU, Ottar, er oppkalla etter henne.[6]
RFSU er partipolitisk og religiøst uavhengig,[7] men har røtene sine i radikal sosialisme.
Lina Fridén er forbundsordførar sidan 2023.[8]
RFSU Norge AS
[endre | endre wikiteksten]RFSU Norge AS vart skipa 1. juni 1973.
Dagleg leiar er Annika Jerveland.[9]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ "RFSU". NE.se. Vitja 24. september 2014.
- ↑ «Aborträtt | RFSU», www.rfsu.se (på svensk), henta 3. oktober 2023
- ↑ «Samarbeten och nätverk». RFSU. Henta 27. november 2019.
- ↑ «Om oss | RFSU-kliniken», www.rfsu.se (på svensk), 16. mars 2023, henta 3. oktober 2023
- ↑ «RFSU:s historia | RFSU», www.rfsu.se (på svensk), henta 3. oktober 2023
- ↑ «OTTAR | RFSU», www.rfsu.se (på svensk), 7. november 2017, henta 3. oktober 2023
- ↑ «Vår organisation | RFSU», www.rfsu.se (på svensk), 11. november 2019, henta 3. oktober 2023
- ↑ «Hon blir RFSU:s nya förbundsordförande», Altinget.se, 8. juni 2023, henta 13. juni 2023
- ↑ «RFSU Aktiebolag | Info & Löner | Bolagsfakta», www.bolagsfakta.se (på svensk), henta 13. juni 2023