Ringmerking

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ringmerka fugl
Ringmerking.
Ringmerking

Ringmerking er ein metode for å merkje ville fuglar for å skaffe fram opplysningar om fuglane. Ved ringmerking, fangst og observasjon av fuglar kan ein finne ut kvar trekkvegane til fuglar som hekkar i eit område går, kvar dei viktigaste rasteplassane på ruta ligg, og kvar dei overvintrar, og kor raskt dei flytter på seg frå stad til stad. Ein kan òg få opplysningar om kor mange av fuglane som er vaksne og kor mange som er ungfuglar, og såleis få vite korleis hekkesesongen har vore for dei ulike artane. Når merkte, daude fuglar vert funne, kan ein finne fram til levealderen og dødsårsaka, og få kunnskap om kva som er dei viktigaste årsakene til at fuglar døyr av anna enn høg alder. Hovudmålet med ringmerkinga er å skaffe data som kan nyttast i forskinga, i forvaltninga og kartlegginga av talet på fuglar, levevilkåra deira og anna av interesse, og er såleis ein vitskapeleg målretta metode for å hente inn fakta.

Ringmerkinga av fuglane går føre seg ved at fuglane vert fanga, eller teke på reiret medan dei er ungar, og får påsett ein metallring kring eine beinet med naudsynte opplysningar innstempla, det vil seie eit løpenummer og adressa til den som har sett ringen på fuglen. I tillegg til metallringen får mange fuglar påsett plastringar med fargar, anten berre ein ring med inngraverte tal og/eller bokstaver, eller ein kombinasjon av fleire ringar med ulike fargar. For somme artar, som til dømes andefuglar, er det mogleg å feste ein farga ring med inngravert kode kring halsen på fuglen. Dette gjer det lettare å oppdage merkinga på fuglen ute i naturen, og gjer det enklare identifisera kva for merkt individ ein har framfor seg.

I Noreg er all vitskapleg ringmerking organisert av Ringmerkingssentralen ved Museum Stavanger i Stavanger. Dei som finn ringmerkte fuglar, bør rapportere funna til Ringmerkingssentralen, anten det gjeld fugl som er merka i Noreg eller i eit anna land. Sidan ringmerkinga tok til i Noreg i 1914 har nesten 9 millionar fuglar vorte ringmerkte, og om lag 250.000 ville fuglar vert ringmerkte i Noreg kvart år.

Fanging av fuglar til ringmerking[endre | endre wikiteksten]

Fuglar som skal ringmerkjast, vert vanlegvis fanga i mjuke og lette nett laga av silke- eller nylontråd som vert sett opp der fuglane held til eller flyg forbi. Andefuglar kan fangast på bakken i burliknande feller eller ein slags ruse, ei innretning med traktforma inngang som det er lettare å kome seg inn i enn ut or. Det er sjølvsagt viktig at fuglane ikkje kjem til skade eller på anna vis vert så påverka av fanginga og ringmerkinga at dei ikkje har ei naturleg åtferd etterpå. For å setje opp nett og feller rett, og take ut fuglane or netta utan å plage dei meir enn det er naudsynt, må ein difor vere fagkunning og øvd.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]