Hopp til innhald

Risøy Folkehøyskole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Risøy Folkehøyskole
Opna1935
Kart
Risøy Folkehøyskole
58°39′08″N 9°08′31″E / 58.6523°N 9.142°E / 58.6523; 9.142

Risøy Folkehøyskole er ein kristen folkehøgskule i Gjeving i Tvedestrand kommune. Skulen tek årleg imot vel 125 elevar og er eigd av Stiftelsen Risøy Folkehøyskole. Det står tre kyrkjelege organisasjonar bak skulen: Sjømannskirken, Den norske Broderkretsen på Havet og Normisjon (tidlegare Indremisjonen).

Skulen vart skipa i 1935 som Risøy ungdomsskole for sjømenn, og han ligg på ei 550 mål stor øy som høyrer til skulen. Ein av eldsjelene bak skipinga av skulen var Terje A. Mørland. Han skal ha reist til Oslo og forhandla kjøpet av øya med riksadvokaten.

Linjefag ved skulen er:

  • Aktiv, bu og fritid
  • Dykking
  • Go to Gate
  • Interiørdesign
  • Musikk, dans, drama
  • Redning, tryggleik og leiing
  • Segl, surf og kite
  • Sjøsport og friluftsliv
  • Skjærgårds Music&Mission -Festivalleiing
  • Teikning og grafikk

Det vert undervist i linjefaget 2 dagar (12 timer) i veka. I tillegg vel elevane eit fordjupingsfag (5 timer per veke) og valfag (4 timer per veke).

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]