Normisjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Normisjon er ein evangelisk-luthersk misjonsorganisasjon som organiserer over 70 tusen personar over heile Noreg, inkludert medlemmane i Acta - barn og unge i Normisjon. I dei fleste storbyane har Normisjon eigne forsamlingar. Normisjon driv også ei omfattande verksemd på bedehus og i husfellesskap.

Normisjon blei grunnlagt 1. januar 2001 etter at Det norske lutherske Indremisjonsselskap, Langesundsfjordens indremisjonsselskap og Den norske Santalmisjon fusjonerte. Organisasjonen er ei sjølvstendig rørsle med tett samarbeid med Den norske Kyrkja og andre lutherske kyrkjesamfunn.

Normisjon har verksemd over heile Noreg gjennom 13 regionar, og også i India, Bangladesh, Kambodsja, Ecuador, Mali, Aserbajdsjan, Bhutan, Nepal, Uganda, Cuba og Kambodsja.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Santalmisjonen blei stifta 1867 av misjonær Lars Olsen Skrefsrud (1840-1910) og Hans Peter Børresen (1825-1901). Det norske lutherske Indremisjonsselskap blei stifta 1868. Dei to organisasjonane slo seg saman i 2001.

Leiar av landsstyret[endre | endre wikiteksten]

Generalsekretærar[endre | endre wikiteksten]

  • Anfin Skaaheim 2001-2003
  • Rolf Kjøde 2003-2014
  • Anna Birgitta Langmoen Kvelland 2014-

Skular drivne av Normisjon[endre | endre wikiteksten]

Agenda 3:16[endre | endre wikiteksten]

Agenda 3:16 er Noregs største kristne månedsmagasin. Bladet blir utgjeve av Normisjon, og har som mål å formidle tru og kristne verdiar. Bladet er normalt på 60 sider, trykka på glanset papir, stifta og gjennomgåande fire-fargar. Opplag i 2012: ca. 11 000.

Organisasjonen gjev også ut 13 regionale blad med fokus på kva som skjer i Normisjon lokalt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]