Risfjorden ved Skarsvåg
Hopp til navigering
Hopp til søk
Risfjorden er ein fjord på nordsida av Magerøya i Nordkapp kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 3,5 km sørvestover til fiskeværet Skarsvåg i botn av fjorden.
Fjorden har innløp mellom Børneset i vest og Reinskinneset i aust. Heilt ytst på austsida av fjorden ligg vågen Lille Skarsvåg. Ytst i fjorden ligg òg holmane Lille Skikka, Barden og Rusholmen. Skarsvåg ligg på vestsida, nesten heilt inne i fjorden. Fjorden er 48 meter på det djupaste, like ut frå Lille Skarsvåg.
Vest for Børneset går Vestfjorden, medan Kaldfjorden ligg aust for Reinskinneset.