Rizhao

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frå hamna i Rizhao
Plasseringa av Rizhao (gul) i Shandong

Rizhao (kinesisk: 日照; pinyin: Rìzhào) er eit byprefektur i provinsen Shandong i Folkerepublikken Kina, sør på Shandonghalvøya mot Gulehavet. Byprefekturet har eit areal på 5 310 km² og hadde 2,8 millionar ibuarar i 2010.

Byprefekturet Rizhao omfattar to distrikt (区 ) og to fylke (县 xiàn).

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Rizhao har ei stor hamn, der det vert lasta og lossa større mengder jarnmalm og kol. Sement, nikkel, bauksitt er anna gods som passerer gjennom hamna.

Rizhao tyder solskin på kinesisk, og hamnebyen er kjend for ei massiv utbygging basert på solenergi. Alle nye bygingar vert oppvarma gjennom solenergi, i dei sentrale delane av prefekturet kjem nesten all energi frå solenergi, også opplysinga av offentleg område.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]