Shandong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For halvøya Shandong, sjå Shandonghalvøya.
Shandong
provins
Land  Kina
Areal 156 700 km²
Folketal 101 527 453 (2020)[1]
Kart
Shandong
36°24′N 118°24′E / 36.4°N 118.4°E / 36.4; 118.4
Plasseringa av Shandong i Kina
Plasseringa av Shandong i Kina
Plasseringa av Shandong i Kina
Wikimedia Commons: Shandong

Shandong (kinesisk skrift 山东, pinyin Shāndōng) er ein provins i Folkerepublikken Kina. Han ligg i aust, langs kysten ved Gulehavet, i det området av landet som tradisjonelt, saman med provinsane Shanxi, Shaanxi, Hubei og Hunan, har vorte oppfatta som den kinesiske kulturen si vogge. Namnet på provinsen tyder «aust for fjella». Tidlegare strekte provinsen seg vidare, heilt fram til Taihangfjella. Den kinesiske enkeltteiknforkortinga er 鲁 for Lu, etter oldtidsstaten Lu som låg i det sørlege Shandong. Provinsen dekker ei flatevidd på 156 700 km². Folketalet vart i 2008 berekna til 94 millionar. Jinan er hovudstad i provinsen.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Landskapet i Shandong er for det meste flatt. Dei nordvestlege, vestlege og sørvestlege delane av provinsen er del av den kinesiske sletta. Midtdelen av provinsen er meir fjellrik, med fjellområda Taishan, Lushan og Mengshan. Aust i provinsen ligg Shandong-halvøya med sine åsar og høgdedrag; ho skil Bohaibukta i nordvest frå Gulehavet i aust og sør. Høgste fjelltoppen i Taishan, 1 545 meter høge 'Jade Emperor Peak', er det høgste fjellet i Shandong.

Bru over Huang He

Huang He renn gjennom dei vestlege områda av Shandong, og når havet ved nordkysten av Shandong. På ferda gjennom Shandong renn elva gjennom dike høgre enn det kringliggande landet, og skil det vestlege Shandong opp i elvane Hai He i nord og Huai He i sør. Keisarkanalen går inn i Shandong frå nordvest og går ut i sørvest. Nansisjøen er den største innsjøen i provinsen. Kystlina til Shandong er 3 000 km lang. Shandonghalvøya har ein berglendt kyst med klipper, bukter og øyar. Den vide Laizhoubukta, den sørlegaste av tre bukter i Bohaibukta, ligg i nord, mellom Dongying og byen Penglai. Den langt mindre Jiaozhoubukta, ligg i sør, nær ved Qingdao. Miaodaoøyane ligg i nordleg retning utfor nordkysten av halvøya.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Shandong har eit temperert klima, med fuktige somrar og turre, kalde vintrar. Middeltemperaturen er frå -5 to 1°C i januar og 24 to 28 °C i juli. Årleg nedbørsmengd er frå 550 to 950 mm.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Shandong er den tredje mest folkerike provinsen i Kina, etter Guangdong og Henan, med eit folketal på 94 millionar. Over 99% av innbyggarane i Shandong er hankinesarar. Huifolk og mandsjuar er mellom minoritetsfolka. Gjennomsnittshøgda for innbyggarane i Shandong er den høgste for alle provinsane i Kina.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Shandong er den provinsen i Kina som har størst produksjon av ei rekke varer, så som bomull og kveite, samt edelsteinar som gull og diamantar. Provinsen har dessutan ein av verdas største reservar av safir.[2] Av jordbruksvekstar vert det dyrka mykje sorghum og mais. Produksjonen av vin er ei viktig grein av landbruket. Shandong har òg rike petroleumsreservar, særleg rundt Dongying ved Huang Hes nedre løp. Shenglifeltet der, er eit av Kinas større oljefelt. Shandong produserer brom frå underjordiske brønnar og salt frå sjøvatn.

Shandong er ein av Kinas rikare provinsar, med mykje industri. Selskap frå ganske nærliggande land, som Sør-Korea og Japan, har gjort større investeringar i industrien. Provinsens rikaste del er Shandonghalvøya, der byen Qingdao hyser tre av Kinas mest kjende varemerke: ølet Tsingtao, selskapet Haier og Hisense.

Administrasjonseiningar[endre | endre wikiteksten]

Shandong er delt opp i to subprovinsielle byar og 15 byprefektur:

Kart # Namn Hanzi Pinyin Administrasjonssete Type
1 Jinan 济南市 Jǐnán Shì Shizhong Subprovinsiell by
2 Qingdao 青岛市 Qīngdǎo Shì Shinan Subprovinsiell by
3 Binzhou t=濱洲市 Bīnzhōu Shì Bincheng Byprefektur
4 Dezhou 德州市 Dézhōu Shì Decheng Byprefektur
5 Dongying 东营市 Dōngyíng Shì Dongying Byprefektur
6 Heze 荷泽市 Hézé Shì Mudan Byprefektur
7 Jining 济宁市 Jìníng Shì Shizhong Byprefektur
8 Laiwu 莱芜市 Láiwú Shì Laicheng Byprefektur
9 Liaocheng 聊城市 Liáochéng Shì Dongchangfu Byprefektur
10 Linyi 临沂市 Línyí Shì Lanshan Byprefektur
11 Rizhao 日照市 Rìzhào Shì Donggang Byprefektur
12 Tai'an 泰安市 Tài’ān Shì Taishan Byprefektur
13 Weifang 潍坊市 Wéifāng Shì Kuiwen Byprefektur
14 Weihai 威海市 Wēihǎi Shì Huancui Byprefektur
15 Yantai 烟台市 Yāntái Shì Laishan Byprefektur
16 Zaozhuang 枣庄市 Zǎozhuāng Shì Shizhong Byprefektur
17 Zibo 淄博市 Zībó Shì Zhangdian Byprefektur

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skulpturar på Tusen-buddhaer-berga i Shandong

Den kinesiske antikken[endre | endre wikiteksten]

Ettersom Shandong ligg på den nordkinesiske sletta, kom Shandong-området svært tidleg i kontakt med den kinesiske sivilisasjon, som hadde sitt opphav litt lenger vest. Begge dei tidlegast namngjevne kinesiske dynastia, Shang-dynastiet og Zhou-dynastiet, kontrollerte vest- og midt-Shandong. Shandonghalvøya låg lenge utanfor dette maktfeltet. Kinesarane kalla folka på halvøya for laiyi, og såg på dei som barbariske. I løpet av få hundreår vart også desse folka sinifisert.

Under vår- og haustannaltida og under krigarrika-tida fanst det to statsdanningar i Shandong. Den eine var staten Qi, rundt dagens Linzi, og staten Lu, rundt dagens Qufu. Konfucius var frå Lu. Lu var ein heller liten stat, og vart med tida erobra frå sør og slukt av staten Chu. Staten Qi var derimot sterkare og bestod nesten heile den nemnde tidsalderen.

Qin-dynastiet bygde den første verkeleg sentraliserte, kinesiske staten. Dynastiet vart snøgt avløyst av Han-dynastiet. Shandong var då delt i to provinsar, Qingzhou og Yanzhou.

Under Tre rike-tida var Shandong del av kongedømmet Wei.

Etter den påfølgjande korte samlingsperioden vart Shandong og resten av det nordlege Kina erobra av nomadefolk som trengde inn frå nord. Deretter følgde eit hundreår med stendig skiftande, lokale herskarar.

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Etter at Song-dynastiet atter hadde samla Kina, vart det i 1142 tvinga til å avstå heile det nordlege Kina, herunder Shandong, til jursjenarane sitt Jin-dynasti. Namnet Shandong kom i bruk under Jin-dynastiet.

Under Ming-dynastiet omfatta provinsen grovt sett same området som i dag, i tillegg til nokre område som i dag høyrer til Liaoning. Provinsen Liaoning ligg sør i Mandsjuria. Mandsjuarane kjempa seg til sjølvstende. Kort etter dei vann sjølvstende, trengde dei sørover og erobra heile Kina, med Shandong.

Under Qing-dynastiet vart Shandong sine grenser gradvis meir og meir lik dagens. Shandong var ein av dei kinesiske regionane der det kom til flest opprør retta mot Qing-herskarane. Av oppstandar som tok til i Shandong kan nemnast fleire av kvite lotus-oppstandane, 'dei åtte trigrammars oppstanden' (1774), Nianoppstanden (1853-1868) og boksaroppstanden (1899-1900).

1800 - 2000[endre | endre wikiteksten]

Utanlandske makter tok gjennom 1800-talet stadig større kontroll over Kina. Kystprovinsane, ikkje minst Shandong, vart særleg omfatta av maktbruken som følgde. Både engelske, tyske og japanske interessentar gjorde seg gjeldande. Moderne skipsfart og utbygginga av jarnbanenettet, som utkonkurrerte Keisarkanalen, var saman med flaumar og tørke, samt at elva Huang He tok nye elvefar, med på å utarme det vestlege Shandong.

I 1919 vedtok fredskonferansen i Versailles å overføre området Kiautschou i Shandong til Japan. Lokale krefter i Shandong danna då 'fjerde mai-rørsla', ei rørsle som spela ei viktig rolle for utviklinga i republikken Kina, og for framveksten av det kinesiske kommunistpartiet.

Rundt tusenårsskiftet var Shandongs økonomi, særleg i dei austlege områda av provinsen, sterkt modernisert og snøgt veksande. Shandong hadde då vorte ein av dei rikaste provinsane i Kina.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Notar[endre | endre wikiteksten]