Roatán

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Roatán
Land  Honduras
Del av Bay Islands department
Areal 66,42 km²
Folketal 41 831 (2013)
Kart
Roatán
16°23′00″N 86°25′04″W / 16.383417°N 86.417833°W / 16.383417; -86.417833

Roatán er ei øy i Islas de la Bahía-departmentet i Honduras. Roatán er den største av øyene i øygruppa Islas de la Bahía, og er 60 km lang og mindre enn 8 km brei på det breiaste. Ho ligg mellom dei to øyene Útila og Guanaja. Namnet er også blitt skrive «Ruatan» og «Rattan».[1]

Øya består av to kommunar, Jose Santos Guardiola (oppkalla etter ein tidlegare president av Honduras) i aust og Roatán i vest, som også inkluderer øygruppa Cayos Cochinos. Den største busetnaden på Rotán er Coxen Hole, som er den viktigste busetnaden i kommunen Roatán. Andre landsbyar er French Harbour, West End og Oak Ridge (som er den viktigste busetnaden i kommunen Jose Santos Guardiola).

Roatán ligg ved det mesoamerikanske barriererevet, det største barriererevet i Det karibiske havet og det nest største i verda etter Great Barrier Reef i Australia.[2]

Turisme er den viktigaste inntektskjelda i Roatán. Fiske er også ei viktig inntektskjelde på øya.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. David Waddell i Great Britain and the Bay Islands, 1821–1861, (The Historical Journal, 1959, s. 59) nemner skrivemåtane Ruatan, Ruattan, Roatan, Rattan og Ratan. Namnet blei skrive Rattan i den anglo-honduranske traktaten 1859.
  2. «Types of Coral Reefs». Henta 18. mai 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Roatán