Honduras

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
República de Honduras

(norsk: Honduras, honduransk)

Det honduranske flagget Det honduranske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Tu bandera es un lampo de cielo»
Geografisk plassering av Honduras
Offisielle språk Spansk
Hovudstad Tegucigalpa
Styresett
Republikk
Xiomara Castro
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
112 090 km² (102.)
Ubetydeleg
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
9 038 741 (93.)
80,6 /km² (104.)
Sjølvstende
  - Erklært
  - Anerkjent
Frå Spania
1821
1923
Nasjonaldag 15. september
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
41 000 mill. USD (108.)
5 200 USD (139.)
Valuta Lempira
Tidssone UTC -6
Telefonkode +504
Toppnivådomene .hn


Republikken Honduras er eit land i Mellom-Amerika som grensar til Guatemala og El Salvador i nord og Nicaragua i sør. I vest ligg Stillehavet og i aust Hondurasbukta og Det karibiske havet. Belize (tidlegare «Britisk Honduras») ligg omkring 75 km frå Honduras, på tvers av den honduranske bukta, der dei to landa ligg tettast på kvarandre.

Kart over Honduras

Honduras er fjellrikt, og mykje av landet er vanskeleg tilgjengeleg. Størstedelen av folkesetnaden består av spansktalande mestisar. Landet har lenge vore eit av dei fattigaste landet i Latin-Amerika, og har vore politisk ustabilt.[1] I lange periodar har Honduras vore styrt av militærjuntaer. Landet er opphavet til nemninga «bananrepublikk», sidan nordamerikanske bananselskap har dominert både økonomien og politikken i landet sidan slutten av 1800-talet.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet «Honduras» er spansk for ’djupner’.[2] Dette namnet blei først brukt om heile den dåverande provinsen frå slutten av 1500-talet. Før 1580 viste «Honduras» berre til austdelen av provinsen, medan Higueras viste til vestdelen.[3]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Regnskog i Sierra de Agalta i Olancho.
Foto: Dennis Garcia

Honduras har kyst mot Det karibiske havet i nord og til Stillehavet i sør gjennom Fonsecagolfen. Klimaet varierer frå tropisk i låglanda og temperert i fjella. Dei sentrale og sørlege regionane i landet er relativt varmare og mindre fuktige enn dei nordlege regionane.

Landområdet består for det meste av fjell, men det er smale sletter langs kysten, ein lågtliggjande jungel (La Mosquitia) i nordaust og den tett folkesette Sula-dalen i nordvest. I La Mosquitia ligg Río Plátano-biosfæren, ein del av UNESCO si verdsarvliste. Der ligg òg Coco-elva, som skil landet frå Nicaragua. Islas de la Bahía og Svaneøyene ligg på nordkysten. Misteriosa-banken og Rosario-banken, 130 til 150 km nord for Svaneøyene, fell innanfor Honduras si økonomiske sone.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Ein har få pålitlege klimadata frå Honduras. I Tegucigalpa, som ligg i det høgareliggande området Tierra templada har ein større temperaturendringar gjennom døgnet, og kjøligare netter enn det lågareliggande området Tierra caliente. Byen har ein årleg nedbørsnormal på 832 mm. Kysten av Det karibiske havet vender stort sett mot nord, og har mykje mindre nedbør enn Nicaragua i sør og Belize i nord. Ein har like mykje nedbør her som på stillehavskysten, noko som er uvanleg for denne regionen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Drikkekar i travertin som viser menn i seremoniell klesdrakt. Funne i Copán‎ og datert til mayatida, 763-820.

Den vestlege delen av Honduras utgjorde ein del av Mayariket som hadde gått til grunne før Columbus kom til kysten av landet i 1502. Ein av dei best bevarte mayabyane ligg her. Spanjolane fann lite av interesse og urfolket gjorde stor motstand mot conquistadorane fram til Lenca-hovdingen Lempira blei drepen og dei 30 000 krigarane hans overgav seg i 1537. Honduras blei dermed ein del av det spanske imperiet i den nye verda, og var under spansk herredøme i rundt trehundre år. Den lange kysten mot Karibia var delvis under britisk kontroll gjennom det meste av 1600- og 1700-talet. Folkesetnaden langs kysten er for ein stor del etterkomarar av afrikanske slavar.

Honduras var ein provins under Kongedømet Guatemala. Hovudstaden var først i Trujillo ved atlanterhavskysten, seinare i Comayagua, og til slutt i Tegucigalpa sentralt i landet. Det første universitetet i Mellom-Amerika blei grunnlagd i Honduras i 1632. Frå slutten av 1500-talet blei det sett i gang gruvedrift i området rundt den noverande hovudstaden Tegucigalpa. Utvinning av sølv var ein hovudfaktor i den spanske koloniseringa av Honduras.[4] Gruvearbeidarane var opphavleg innfødde under encomienda-systemet, men innført sjukdom og lokal motstand gjorde denne ordninga vanskeleg, og spanjolane byrja innføra slava frå ander delar av Sentral-Amerika. Då lokal slavehandel stoppa ved slutten av 1500-talet blei det henta slava frå Afrika, særleg frå Angola.[5] Etter rundt 1650 kom det svært få slavar eller andre innførte abreidarar til Honduras.

Sjølv om spanjolane fekk kontroll over den sørlege eller stillehavsdelen av Honduras nokså raskt, hadde dei mindre suksess i den nordleg atlanterhavsdelen. Dei klarte å grunnleggja eit par kystbyar her, som Puerto Caballos og Trujillo, men makta ikkje å ta kontroll over austdelen av denne regionen eller over mange små sjølvstyrte urfolksområde her. Miskitoriket i nordaust var særskilde effektivt i å kjempa mot erobring. Riket fekk støtter frå nordeuropeiske kaperar og piratar og frå den britiske kolonien Jamaica, som la mykje av området under sitt vern etter 1740.

15. september 1821 blei Honduras og dei andre spanske provinsane i Mellom-Amerika uavhengige frå Spania. Landet var del av Det første meksikanske keisarriket fram til 1823, då det blei del av Den sentralamerikanske føderasjonen. Denne blei oppløyst i 1838. Mellom 1821 og 1876 regjerte heile 85 presidentar over landet.

I 1969 utkjempa Honduras og El Salvador den såkalla Fotballkrigen.[1] Krigen braut ut under ein VM-kvalifiseringskamp mellom dei to landa, etter aukande spenning mellom dei. Han vara berre nokre dagar, og blir også kalla 100-timarskrigen.

Etter 25 år der landet det meste av tida var under militær leiing, kom ei fritt vald sivil regjering til makta i 1982. I 1980-åra viste Honduras seg å vere ein fristad for anti-sandinistiske contras som kjempa mot Nicaragua si regjering, og ein alliert til El Salvador sine regjeringsstyrkar, som kjempa mot venstreorientert gerilja.

I 1998 raserte orkanen Mitch landet og øydela økonomien til landet. Dette førte til store tap av menneskeliv og betydelege øydeleggingar av infrastruktur og produksjonsutstyr.

Landet hadde eit nokså stabilt styre fram til 29. juni 2009, då president Manuel Zelaya blei styrta i eit kupp, og ei mellombels regjering leia av Roberto Micheletti tok over. Ved utgangen av 2009 var Honduras i djup politisk og sosial krise. Store delar av sivilsamfunnet anerkjende ikkje utfallet av eit val dei såg på som fullbyrdinga av det militære statskuppet. Det internasjonale samfunnet var òg splitta i synet på legitimiteten til valet. I november 2009 blei Porfirio Lobo Sosa vald til president og innsett 27. januar 2010.

Samfunn[endre | endre wikiteksten]

Gate i Honduras.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Folket i Honduras er hovudsakleg spansktalande mestisar (om lag 91 %). På nordkysten bur det ein del engelsktalande folk av afrikansk opphav. Små grupper av urfolk held òg fast ved sin opphavlege kultur i isolerte område av landet, mellom anna chortí, pech eller paya, tolupan eller xicaque, lenca, sumo eller tawahka, og miskito. Urfolk utgjer 7 % av folketalet.

Gjennomsnittleg levetid er 72 år for kvinner og 68 år for menn.

Språk[endre | endre wikiteksten]

Det offisielle språket er spansk, og blir tala av stort sett alle honduranarar. Engelsk blir tala på nordkysten. I tillegg blir det tala fleire urfolksspråk i småsamfunn. Andre språk er honduransk teiknspråk og kreolspråket Bay Islands English.[6]

Dei viktigaste urfolksspråka er:

Lenca er eit isolert språk som mista alle dei flytande talarane sine på 1900-talet, men har gått gjennom ein gjenopplivingsprosess blant lecafolk som tel rundt 100 000. Dei største innførte språka er arabisk (42 000), armennk (1 300), yue-kinesisk (1 000) og tyrkisk (900).[6]

Religion[endre | endre wikiteksten]

Domkyrkja i Comayagua

Folket i Honduras er stort sett katolske kristne. Etter offisielle tal er 97 % av folket offisielt katolske.[7] Evangeliske kristne grupperingar er veksande, medan medlemskap i den katolske kyrkja går ned. International Religious Freedom Report frå 2008 nemnde at ei gallupundersøking fann at 51,4 % av innbyggjarane rekna seg sjølv som katolikkar, 36,2 % som evangeliske kristne, Protestant, 1,3 % sa dei tilhøyrde andre religionar, som islam, buddhisme, jødedom og rastafarianisme, medan 11,1 % ikkje tilhøyrde nokon religion eller ikkje svarte. 8 % sa dei var anten agnostikarar eller ateistar.[8]

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Det er 6 års obligatorisk og gratis grunnskule frå borna fyllar 7 år. Mange fell frå allereie i dei første skuleåra. I 2014 fullførte 90,7&nbsp% av elevane grunnskulen.[9] Ifølgje berekninga frå UNESCO var 27 % av folkesetnaden i 1995 analfabetar, omtrent likt fordelt mellom kvinner og menn. Rundt 83,6 % av innbuggjarane kan lesa og skriva.[10]

Ungdomsskulen er 3-årig og delt i to linjer, ei allmennfaglig, og ei praktisk og yrkesfagleg linje. Den vidaregåande skulen er 2- til 3-årig. Han kan anten vera ei førebuing til høgare utdanning eller rein yrkesutdanning. Det finst tospråklege (spansk og engelsk) og til og med trispråklege (spansk med engelsk, arabisk eller tysk) skular og universitet.[11]

Landet har seks universitet. Universidad Nacional Autónoma de Honduras er det største universitetet i landet, med utdanningssenter i alle dei viktigaste byane.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Honduras er ein presidentstyrt republikk, der presidenten er både stats- og regjeringssjef og er folkevald. Nasjonalkongressen i Honduras (Congreso Nacional) har 128 medlemmer (diputados) som blir vald til fireårsperiodar gjennom høvestalsval.[12] Politikken er dominert av to parti: Partido Liberal de Honduras (Honduras' liberale parti) og Partido Nacional de Honduras (Honduras' nasjonale parti, konservativt).

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Kart over Honduras.

Honduras er inddelt i 18 departement:

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Med ein Human Development Index på 0,608 er Honduras det nest fattigaste landet i Mellom-Amerika. Per kapita-inntekt er på rundt 600 US-dollar, som er blant dei lågaste i Nord-Amerika.[13]

I 2009 levde to tredjedelar av folkesetnaden i fattigdom. Den landlege folkesetnaden har det vanskelegast. Ifølgje SN sitt utviklingsprogram (UNDP) lever 85 prosent av folkesetnaden på landsbygda i fattigdom. Det finst stor ulikskap mellom fordelinga av ressursar mellom landlege og urbane område.[14] Fattigdommen er konsentrer i sørlege, austlege og vestlege regionar, der landlege folk og urfolk held til. Nord- og sentrale Honduras huser det meste av industri og infrastruktur, og har lågare fattigdomsnivå.[13] Fattige grupper bur som regel i adobehus, har få materielle ressursar og lite tilgang til helsetenester. Dei lågare samfunnslaga er hovudsakleg sjølvbergande eller landlause bønder.[15] Dei lever av basiskost som ris, mais og bønner.[16] Sidan 1965 har talet på landlause bønder auka, og mange av dei har migrert til byane på leit etter arbeid. Denne veksande underklassen i byane kan ta arbeid i tenesteyrke, fabrikkar eller bygg og anlegg, men låg sysselsetting er eit problem.[15]

Landet hadde ei utanlandsgjeld på 2,9 milliardar US-dollar ved utgangen av 2009. Meir enn halvparten av honduransk eksport går til USA, og pengeoverføringar frå honduranarar busette i USA utgjer rundt 20 prosent av bruttonasjonalprodukt (BNP).

Blant naturressursane i landet er tømmer, gull, sølv, kopar, bly, sink, jernmalm, antimon, kol, fisk, reker og vasskraft.

Mykje av økonomien byggjer på jordbruk. Medan bananprudksjon lenge var viktig har landet gått over til å eksportera mange ulike typar frukt. Det er den nest største produsenten av kaffi i Sentral-Amerika.[1]

Kriminalitet[endre | endre wikiteksten]

Kriminaliteten i landet er høg, og kriminelle handlingar går ofte ustraffa. Honduras har ei av dei høgaste drapsratene i verda. Offisielle tal oppgav ein drapsrate på 60 per 100 000 i 2015, og dei fleste drapssakene blei ikkje straffeforfølgde.[17]

Landevegsoverfall og bilkapring ved vegsperringar sett opp av kriminelle med politiuniformer og utstyr er vanlege. Kidnapping av utlendingar er ikkje vanleg, men familiar av kidnappingsoffer betaler ofte løyspengar og let vera å rapportera om hendingane av frykt for represaliar, slik at denne typen brotsverk kan vera underrapportert.[17]

I den mindre folkesette regionen Gracias a Dios er narkotikahandel utbreidd, og det finst lite politi.[17]

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Dansarar frå Ballet Folklórico Oro Lenca i El Níspero.

Høgtider[endre | endre wikiteksten]

Sagmuggteppe i Comayagua under påskefeiringa.

Nokre av dei nasjonale høgtidsdagane er den honduranske sjølvstendedagen 15. september og barnedagen, Día del Niño, feira i heimar, skuler og kyrkjer den 10. september. Denne dagen får barn gåver og har selskap som til jul eller ein fødselsdag. Nokre område heng ein opp piñataer i gata. Andre høgtider er påske, soldatdagen (3. oktober, fødselsdagen til Francisco Morazán), jul, Lempira-dagen den 20. juli,[18] og nyttårsaftan.

Feiringa av den honduranske sjølvstendedagen byrjer tidleg om morgonen med korps kledde i ulike fargar. Fiesta Catracha finn stad denne dagen, der ein serverer typiske honduranske rettar som bønner, tamales, baleadas, cassava med chicharrón og tortilla.

På julaftan samlar familiar og nære vener seg for eit julemåltid, og deler ut gåver ved midnatt. I nokre byar fyrer ein av fyrverkeri ved midnatt. Nyttårsaftan feirer ein også med mat, fyrverkeri og festar. Fødselsdagar er også store hendingar, der ein heng opp piñataer fylte med godteri og overraskingar for ungane.

La Ceiba Carnival blir feira i La Ceiba, ein by ved nordkysten. Karnevalet finn stad i andre halvdelen av mai til ære for vernehelgenen for byen, heilage Isidore. Kvar dag har kvart strøk eit lite karneval (carnavalito). Laurdagen har byen eit stort opptog med dekorerte køyretøy og folk frå mange land. Feiringa omfattar også ein mjølkemarknad, der mange honduranarar kjem for å syna fram gardsprodukta og dyra sine.

Kunst[endre | endre wikiteksten]

Den best kjende honduranske målaren er José Antonio Velásquez. Andre viktige målarar er Carlos Garay og Roque Zelaya. Nokre av dei best kjende forfattarane er Lucila Gamero de Medina, Froylán Turcios, Ramón Amaya Amador, Juan Pablo Suazo Euceda, Marco Antonio Rosa,[19] Roberto Sosa, Eduardo Bähr, Amanda Castro, Javier Abril Espinoza, Teófilo Trejo og Roberto Quesada.

José Francisco Saybe-teateret i San Pedro Sula huser kompaniet Círculo Teatral Sampedrano.

Mat[endre | endre wikiteksten]

Hondurannsk mat har trekk frå innfødd lencakultur, spansk, karibisk og afrikansk mat. Garifunafolj har også sine særeigne rettar. Kokos og kokosmjølk blir brukt i både søtmat og saltmat. Regionale spesialitetar er steikt fisk, tamales, carne asada og baleadas.

Andre populære rettar er mellom anna kjøt steikt med chismol og carne asada, kylling med ris og mais og steikt fisk med sylta lauk og jalapeños. Nokre supper er bønnesuppe, mondongoesuppe, kallunsuppe, sjømatsuppe og storfesuppe. Desse suppene blir gjerne servert blanda med kokebanan, cassava og kål, og servert med maistortillaer.

Ein et også mykje frukt som papaya, ananas, plomme, sapote, pasjonsfrukt og bananar.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Punta er hovudmusikktypen frå Honduras, medan andre utbreidde typar er karibisk salsa, merengue, reggae og reggaeton, særleg nord i landet. Mexicanske rancheraer er utbreidde i det landlege indret av landet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Honduras profile» (på engelsk). 16. mai 2018. 
  2. Thuesen, Nils Petter (24. juli 2019). «Honduras». Store norske leksikon (på norsk). 
  3. Davidson, William (2006). Honduras, An Atlas of Historical Maps. Managua: Fundacion UNO, Colección Cultural de Centro America Serie Historica, no. 18. s. 313. ISBN 978-99924-53-47-6. 
  4. Newson, Linda (oktober 1982). «Labour in the Colonial Mining Industry of Honduras». The Americas 39 (2): 185–203. JSTOR 981334. doi:10.2307/981334. 
  5. Newson, Linda (December 1987). The Cost of Conquest: Indian Decline in Honduras Under Spanish Rule: Dellplain Latin American Studies, No. 20. Boulder: Westview Press. ISBN 978-0813372730. 
  6. 6,0 6,1 «Ethnologue: Languages of Honduras, Seventeenth edition data M. Paul Lewis, Gary F. Simons, and Charles D. Fennig, Editors» (PDF). 
  7. «The World Factbook — Central Intelligence Agency». www.cia.gov (på engelsk). Arkivert frå originalen 15. mai 2020. Henta 26. november 2017. 
  8. «International Religious Freedom Report 2008: Honduras». U.S. Department of State. 19. september 2008. Henta 9. februar 2016. 
  9. «Primary completion rate, total (% of relevant age group)». data.worldbank.org. 
  10. «Human Development Report 2009 – Honduras». Hdrstats.undp.org. Arkivert frå originalen 29. april 2009. Henta 27. juni 2010. 
  11. «Hondureños bilingües tendrán más ventajas» [Bilingual Hondurans have more advantages]. LaPrensa (på spansk). 14. oktober 2009. Henta 9. februar 2016. 
  12. «Honduras». The World Fact Book. 5. januar 2016. Arkivert frå originalen 15. mai 2020. Henta 9. februar 2016. 
  13. 13,0 13,1 López, Ramón; Romano, Claudia (2000). Rural Poverty in Latin America. Dept. of Agricultural and Resource Economics, University of Maryland at College Park. s. 227–243. ISBN 978-1-349-41954-8. doi:10.1057/9780333977798_11. 
  14. DeWalt, Billie R, et al. "Read 'Population and Land Use in Developing Countries: Report of a Workshop' at NAP.edu." National Academies Press: OpenBook, National Research Council, www.nap.edu/read/2211/chapter/9.
  15. 15,0 15,1 Merrill, Tim. red. Honduras: A Country Study. Washington: GPO for the Library of Congress, 1995.
  16. «One of the poorest, most vulnerable countries in the world – Proyecto Mirador». www.proyectomirador.org. 
  17. 17,0 17,1 17,2 «Honduras Travel Warning». Travel.State.Gov. U.S. State Department. Arkivert frå originalen 17. august 2016. Henta 17. august 2016. 
  18. «Honduras This Week Online June 1999». Marrder.com. 9. desember 1991. Arkivert frå originalen 17. januar 2011. Henta 27. juni 2010. 
  19. Verity Smith (2014). Concise Encyclopedia of Latin American Literature. Routledge. s. 311. ISBN 978-1135960339. Henta 13. juli 2016 – via Google Books. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Honduras