Robbie Brightwell
Robbie Brightwell | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 27. oktober 1939 Rawalpindi |
Død | 6. mars 2022 (82 år) |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1964, Sommar-OL 1960 |
Utmerkingar | medlem av Den britiske imperieordenen |
Robert Ian Brightwell (27. oktober 1939–6. mars 2022) var ein engelsk friidrettsutøvar, fødd i Rawalpindi i dåverande Britisk India. Han vart i 1962 europameister på 400 meter.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Brightwell vart femtemann på 200 meter i EM i friidrett 1958. To år seinare sprang han Storbritannia sitt lag i 4 x 400 m stafett inn til femteplass under Sommar-OL i Roma. Sommaren 1962 sette han livsbeste på 400 m med 45,6 sekund. Høgdepunktet kom då han vann 400-meteren ved europameisterskapen 1962 i Beograd, framom vesttyske Manfred Kinder. I stafettløpet over 4 × 400 meter var rollene omsnudd. Der kneip ankermann Kinder fyrsteplassen for Vest-Tyskland, framom Brightwell. Hausten 1964 enda Brightwell på fjerdeplass på 400 meter ved dei olympiske sommarleikane i Tokyo. Han avslutta med å vinne sølv på 4 × 400 m stafett for Storbritannia og sette europarekord på tida 3.01,6, eitt tidels sekund føre Trinidad og Tobago.
Etter sommarleikane gifta han seg med friidrettsutøvaren Ann Packer.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Robbie BRIGHTWELL | Profile | World Athletics
- Denne artikkelen bygger på «Robbie Brightwell» frå Wikipedia på engelsk, den 12. august 2023.
- Einskildmenn
- Fødde i 1939
- Døde i 2022
- Britiske sprintarar
- Europameistrar i friidrett for Storbritannia
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Storbritannia
- Britiske deltakarar under sommar-OL 1960
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1964
- Britiske deltakarar under sommar-OL 1964
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964