Hopp til innhald

Robbie Kondor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Robbie Kondor
OpphavUSA
Verka somkomponist
PrisarEmmy-prisen

Robbie Kondor er ein USA-amerikansk komponist, studiomusikar og arrangør. Han har arbeid som komponist på The Significant Other, Ball In The House, Sally Jessy Raphael, Happiness (1998), The Suburbans (1999), Forever Fabulous (1999), Drawing Angel (2001), Series 7: The Contenders (2001), Home Delivery (2004) og Equality U (2008). Han har arbeidd som produsent for The Sum of All Fears (2002), og som arrangør på Beaches (1988).

Han har spelt klaverinstrument og vore arrangør på album av Eric Clapton, Aretha Franklin, Barbra Streisand, Billy Joel, Whitney Houston, Bee Gees og fleire andre.

Han var bandleiar og annonsør for Hot Properties i 1985, og deltok i husbandet på dei fem TV-sendingane Pavarotti and Friends frå 1998 til 2002. Han var vikar for Paul ShafferLate Show with David Letterman i to episodar i 1994 og 2003.

I 2010 var Kondor med Troubadour Reunion Tour i lag med James Taylor og Carole King.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]