Billy Joel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Billy Joel
Billy Joel Shankbone NYC 2009.jpg
Billy Joel ved opninga av 2009-sesongen ved Metropolitan Opera.
Fødd9. mai 1949 (70 år)
FødestadThe Bronx i New York by i USA
FødenamnWilliam Martin Joel[1]
OpphavUSA
Aktiv1964 til i dag
SjangerRock, poprock, rock and roll, softrock, klassisk[2]
InstrumentVokal, piano, orgel, klaverinstrument, gitar, munnspel, trekkspel
Kjende instrumentSteinway piano[3]
Stemmetypetenor
PlateselskapColumbia, Family Productions, Sony Classical
Verka somMusikar, songar-låtskrivar, pianist, komponist
Gift medChristie Brinkley, Katie Lee, Alexis Roderick
BornAlexa Ray Joel, Della Rose Joel
PrisarGrammy Legend Award, MusiCares Person of the Year, Grammy Award for Album of the Year, Kennedy Center Honors, Gershwin Prize, Johnny Mercer Award

William Martin «Billy» Joel (fødd 9. mai 1949) er ein amerikansk pianist, songar-låtskrivar og komponist. Etter at han gav ut den første hitten sin, «Piano Man», i 1973, vart Joel den sjette mestseljande artisten og den tredje mestseljande soloartisten i USA.[4] Samlealbumet Greatest Hits Vol. 1 & 2 er den tredje mest selde plata i USA.[5]

Joel hadde hittar på topp 40 i 1970-, 1980-, og 1990-åra, i alt 33 stykk, i USA, alle skrivne av han sjølv. Han har vunne Grammyprisen seks gonger og vore nominert 23 gonger gjennom karrieren sin. Han har seld meir enn 150 millionar album verda over, noko som gjer han til ein av dei mestseljande artistane gjennom tidene.[6]

Joel vart innlemma i Songwriters Hall of Fame (1992), Rock and Roll Hall of Fame (1999) og Long Island Music Hall of Fame (2006). I 2001 fekk Joel Johnny Mercer-prisen frå Songwriters Hall of Fame. I 2013 fekk Joel Kennedy Center Honors, den høgast æresprisen i USA, for å ha påverka amerikansk kultur gjennom musikken sin. Med unntak av songane «All My Life» og «Christmas in Fallujah» i 2007, stoppa Joel å skrive og gje ut musikk i 1993 med River of Dreams. Han har likevel helde fram å turnere og spelar songar frå heile karrieren sin på konsertane.

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Joel vart fødd i the Bronx den 9. mai 1949[1][7] og voks opp i forstaden Hicksville i New York.[8] Faren, Howard (fødd Helmuth), vart fødd i Tyskland, som son av den tyske handelsmannen Karl Amson Joel. Howard emigrerte til Sveits og seinare USA (via Cuba, sidan immigrasjonskvoter for tyske jødar hindra direkte immigrasjon på den tida) for å kome seg unna Nazi-regimet.[8] Mor til Billy Joel, Rosalind Nyman, var fødd i England. Begge foreldra til Joel var jødar. Dei skilde seg i 1960 og faren flytta til Wien i Austerrike. Billy har ei syster, Judith Joel, og ein halvbror, Alexander Joel, som er dirigent i Europa og som i dag leier Staatstheater Braunschweig.[9]

Far til Joel var ein klassisk pianist. Billy byrja motvillig å lære seg piano i tidleg alder, etter at mora insisterte, og av lærarane hans var mellom andre den kjende amerikanske pianisten Morton Estrin[10] og musikaren Timothy Ford. Som tenåring byrja Joel med boksing slik at han kunne forsvare seg sjølv.[11] Han boksa med suksess i amatørmiljøet Golden Gloves ei kort stund, og vann 22 kampar, men slutta i sporten kort tid etter han braut nasa i den 24. boksekampen sin.[12]

Joel gjekk på Hicksville High School fram til 1967, men fekk ikkje ta eksamen med klassen sin. Han hadde spelt piano i ein bar for å hjelpe mora å få endene til å møtast, noko som gjekk ut over skulegangen:[13] mot slutten av det siste året hadde ikkje Joel nok vekttal til å få ta eksamen. I staden for å gå på sommarskule for å få vitnemålet sitt, valte Joel å spele musikk: «Eg sa til dei, 'Til helvete med det. Om eg ikkje skal gå til Columbia University, skal eg gå til Columbia Records, og du treng ikkje vitnemål over der.'.»[14] Joel fekk faktisk etter kvart kontrakt med Columbia. I 1992, leverte han eit essay til skulestyret som gav han vitnemålet ved Hicksville High sin årlege eksamensfest, 25 år etter han slutta.[15]

Musikkarriere[endre | endre wikiteksten]

Tidleg karriere[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha sett The BeatlesThe Ed Sullivan Show, avgjorde Joel at han skulle ha musikk som levebrød. I eit intervju sa han om innverknaden gruppa hadde: «Den eine framføringa endra livet mitt... fram til det hadde eg aldri tenkt på rock som ein karriere. Og då eg såg fire gutar som ikkje såg ut som dei kom frå stjernemølla i Hollywood, som spelte sine eigne songar og instrument, og særleg fordi du kunne sjå dette blikket til andletet til John Lennon -- og han såg ut som om han alltid sa 'F--- you!' -- sa eg: 'Eg kjenner desse fyrane, eg kan forholde meg til dei, eg er desse gutane.' Det er dette eg skal gjere -- spele i eit rockeband'.»[16]

Joel starta the Echoes, ei gruppe som spesialiserte seg på å spele coverversjonar av songar frå Den britiske invasjonen. Då the Echoes vart populære i New York, slutta Joel på high school for å bli profesjonell musikar.[17] The Echoes byrja å spele inn musikk i 1965. Billy Joel vart henta av Snuff Garret som pianist for Bobby Vee, men han fekk sparken før han rakk å spele noko som helst med dei, fordi han nekta å ha på seg matchande jakker i lag med resten av bandet.[treng kjelde] Billy Joel (då 16) spelte òg piano på fleire plater gjevne ut på Kama Sutra Productions og innspelingar produsert av Shadow Morton. Joel spelte på ein demoversjon av «Leader of the Pack», som vart ein stor hit for the Shangri-Las.[18]

Seint i 1965 endra the Echoes namn til the Emeralds og så til the Lost Souls. Joel slutta i bandet i 1967 for å bli med i the Hassles, ei gruppe frå Long Island som hadde fått kontrakt med United Artists Records. Det neste halvtanna året gav dei ut fire singlar og to album (The Hassles og Hour of the Wolf). Ingen av dei selde noko. Joel og trommeslagaren Jon Small slutta i the Hassles i 1969 for å danne duoen Attila, som gav ut debutalbumet sitt i juli 1970. Duoen vart oppløyst oktober same året då Joel hamna i eit forhold med kona til Small, Elizabeth, som Joel etter kvart gifta seg med.[19]

Cold Spring Harbor[endre | endre wikiteksten]

Joel fekk kontrakt med plateselskapet Family Productions (eigd av Artie Ripp), der han spelte inn det første soloalbumet sitt, Cold Spring Harbor (som syner til Cold Spring Harbor i New York, ein by på Long Island). Det kom ut i 1971 og var teknisk og kommersielt skuffande.[treng kjelde]

Dei populære songane «She's Got a Way» and «Everybody Loves You Now» vart opphavleg gjeve ut på dette albumet, men vart ikkje kjende før dei vart gjevne ut som konsertopptak på Songs in the Attic (1981). Columbia gav ut ein nymastra versjon av Cold Spring Harbor i 1984, som då nådde 158. plass i USA og 95. plass i Storbritannia.[treng kjelde]

Medan han spelte lokalt i New York City hausten 1971, byrja ein radiostasjon i Philadelphia å spele eit konsertopptak av «Captain Jack», som vart ein undergrunnshit på austkysten. Herb Gordon, ein sjef for Columbia Records, høyrte musikken til Joel og introduserte han for selskapet. Joel signerte platekontrakt med Columbia i 1972 og flytta til Los Angeles, der han budde i tre år (tid han no angrar på).[20][21] I seks månader arbeidde han ved The Executive Room pianobarWilshire Boulevard som «Bill Martin», og skeiv der signaturlåten sin «Piano Man» om faste kundar i baren. Det året turnerte Joel med bandet sitt (Rhys Clark på trommer, Al Hertzberg på gitar og Larry Russell på bass) gjennom USA og Puerto Rico, og varma opp for grupper som J. Geils Band, The Beach Boys og Taj Mahal. Konserten til Joel på Mar Y Sol Pop Festival på Puerto Rico vart særleg godt motteken og interessa for musikken hans auka.[22]

Tidlege Columbia-år: 1973–1976[endre | endre wikiteksten]

Trass i at Joel hadde fått ny kontrakt, var han framleis bunden til Family Productions. Ripp selde den første kontrakten til Joel til Columbia mot at logoen til Family Productions skulle plasserast ved sidan av logoen til Columbia på den neste ti albuma til Joel, og at Ripp skulle få honorar for kvar plate som vart seld.[treng kjelde] Walter Yetnikoff, sjefen for CBS/Columbia Records på den tida, kjøpte attende rettane til songane til Joel seint i 1970-åra, og gav rettane til Joel som ei gebursdagsgåve.[23][24] Yetnikoff seier i dokuementaren The Last Play at Shea at han måtte truge Ripp for å avslutte avtalen.

Det første albumet til Joel med Columbia var Piano Man, som kom ut i 1973. Trass i moderate salstal, vart tittelsporet på Piano Man signaturlåten hans, og enda nesten kvar einaste konsert. Det året gjorde Joel endringar i turnébandet sitt. Gitaristen Al Hertzberg vart erstatta av Don Evans og bassisten Larry Russell av Patrick McDonald, som igjen vart erstatta seint i 1974 av Doug Stegmeyer, som Joel heldt seg med fram til 1989. Rhys Clark kom attende som trommeslagar og Tom Whitehorse som banjogitarist og pedalsteelgitarist. Johnny Almond kom med som saksofonist og klaverspelar. Bandet turnerte mykje i USA og Canada, og spelte på fleire populære musikkshow. Låtane til Joel fekk stadig meir merksemd og i 1974 spelte Helen Reddy inn «You're My Home» (Piano Man).

Joel spelte inn eit nytt album i Los Angeles: Streetlife Serenade. Manageren hans var Jon Troy, ein gamal ven frå nabolaget Bedford-Stuyvesant i New York. Troy vart kort tid etter erstatta av kona til Joel, Elizabeth.[25] Streetlife Serenade inneheld referansar til forstader og bykjerne. Det er kanskje mest kjend for «The Entertainer», som nådde 34. plassen i USA. Joel mislikte at «Piano Man» vart korta ned for radio, og skreiv «The Entertainer» som eit sarkastisk svar: «If you're gonna have a hit, you gotta make it fit, so they cut it down to 3:05.» Sjølv om Streetlife Serenade ofte vert rekna som eit av dei svakare albuma til Joel (han mislikar det sjølv), ineheld det dei kjende songane «Los Angelenos» og «Root Beer Rag», ein instrumental som var fast på konsertane hans i 1970-åra.

Seint i 1975 spelte han piano og orgel på fleire spor på Bo Diddley sitt The 20th Anniversary of Rock 'n' Roll.

Desillusjonert med L. A. flytta Joel heim att til New York i 1976 og spelte inn Turnstiles, det første albumet han spelte inn med ei gruppe handplukka musikarar som vart Billy Joel Band. Albumet vart produsert av James William Guercio (då produsent for Chicago), og Turnstiles vart først spelt inn ved Caribou Ranch med medlemmar av bandet til Elton John. Joel var misnøgd med resultatet og spelte inn songane på ny og produserte albumet på eiga hand.

«Say Goodbye to Hollywood» vart ein mindre hit. Ronnie Spector spelte inn ein versjon av songen og det same gjorde Nigel Olsson, som då var trommeslagar for Elton John. I 2008 sa Joel at han ikkje lenger spelar denne songen fordi dei lyse tonane øydelegg stemmebanda hans. Han spelte likevel songen for første gong sidan 1982 i mai 2014. Sjølv om songen aldri vart gjeven ut som singel er «New York State of Mind» ein av dei mest kjende songane til Joel. Barbra Streisand og Tony Bennett har begge spelt inn denne songen (Bennett i duett med Joel på Playing with My Friends: Bennett Sings the Blues). Andre kjende songar frå albumet er «Summer, Highland Falls», «Miami 2017 (Seen the Lights Go Out on Broadway)», «Say Goodbye to Hollywood", (eit konsertopptak vart ein hit) og «Prelude/Angry Young Man».

The Stranger og 52nd Street[endre | endre wikiteksten]

Columbia Records introduserte Joel for Phil Ramone, som produserte alle studioalbuma til Joel frå The Stranger (1977) til The Bridge (1986). The Stranger vart ein enorm salssuksess med fire hittar på topp 25 på Billboard-lista: «Just the Way You Are» (#3), «Movin' Out (Anthony's Song)» (#17), «Only the Good Die Young» (#24) og «She's Always a Woman» (#17). The Stranger vart det første albumet hans på topp 10 og selde til fleire platinaplater og nådde til slutt andreplassen på lista, og selde meir enn Simon & Garfunkel sitt Bridge Over Troubled Water,[26] som tidlegare hadde vore det mestseljande albumet til Columbia.

The Stranger vann Grammyprisen for årets album og «Just the Way You Are»—skriven for den første kona til Joel, Elizabeth Weber, vann prisen for årets song. På turné i Paris fekk Joel meldinga om desse prisane på hotellrommet sitt.[17] Rolling Stone har rangert The Stranger som det 70. beste albumet gjennom tidene.[27]

Forventningane var høge før det neste albumet hans, 52nd Street, som kom ut i 1978, kalla opp etter den kjende 52nd StreetManhattan. Albumet selde over sju millionar eksemplar, driven til topps på listene av hittane «My Life» (#3), «Big Shot» (#14) og «Honesty» (#24). «My Life» vart kjenningsmelodien for situasjonskomedien Bosom Buddies, med Tom Hanks i ei av sine tidlege roller. 52nd Street vann Grammy-prisen for beste mannlege popvokal og årets album. Det var det første albumet som vart gjeven ut på CD, og gjekk ut på sal i lag med CD-spelaren til Sony, CDP-101 den 1. oktober 982.[28]

I 1979 reiste Joel til Havanna på Cuba for å delta på den historiske Havana Jam-festivalen som fann stad mellom 2. og 4. mars, i lag med Rita Coolidge, Kris Kristofferson, Stephen Stills, the CBS Jazz All-Stars, the Trio of Doom, Fania All-Stars, Billy Swan, Bonnie Bramlett, Mike Finnegan, Weather Report, og ei rekkje kubanske artistar som Irakere, Pacho Alonso, Tata Güines og Orquesta Aragón.[29] Konserten hans vart filma av Ernesto Juan Castellanos i dokumentaren Havana Jam '79.

Tidleg i 1980-åra[endre | endre wikiteksten]

Suksessen med piano-drivne balladar som «Just the Way You Are», «She's Always a Woman» og «Honesty» førte til at Joel fekk kjennemerke som «balladesongar»og «softrockar». Joel meinte desse merkelappane var urettvise og støytande og med Glass Houses prøvde han å spele inn eit album som synte at han kunne rocke hardare enn det kritikarane skulda han for, og imiterte og refererte stundom til new wave-musikken som byrja å bli populær på denne tida. På framsida av albumet var Joel avbilda i ei skinnjakke, på veg til å kaste ein stein i eit glashus.

Glass Houses låg seks veker på toppen av Billboard-lista med hittar som «You May Be Right» (nytta som kjenningsmelodi, spelt av Southside Johnny, for CBS-serien Dave's World i 1990-åra) (#7, mai 1980), «Don't Ask Me Why» (#19, september 1980), «Sometimes a Fantasy» (#36, november 1980) og «It's Still Rock and Roll to Me», som vart den første songen til Joel på toppen av Billboard-lista (i to veker) i juli 1980. «It's Still Rock and Roll to Me» låg 11 veker på topp 10 på Billboard-lista og vart den 7. største hitten i 1980.

Glass Houses vann Grammy for beste mannlege rockeartist. Han vann òg American Music Award for beste album i kategorien pop/rock.

Det neste albumet hans, Songs in the Attic, vart sett saman av konsertopptak av mindre kjende songar frå starten av karrieren hans. Det vart spelt inn på større arenaer i USA og intime nattklubbar i juni og juli 1980. Utgjevinga introduserte mange av fansen hans, som oppdaga Joel med The Stranger i 1977, for mange av dei tidlegare songane hans. Albumet nådde åttandeplassen på Billboard-lista og gav to hitsinglar: «Say Goodbye to Hollywood» (#17) og «She's Got a Way» (#23). Det har seld over 3 millionar eksemplar.

Den neste bølgja i karrieren til Joel byrja med innspelinga av The Nylon Curtain, der Joel var meir ambisiøs med låtskrivinga si og prøvde å skrive høvessongar som «Allentown» og «Goodnight Saigon». Joel har sagt at han ønskte at albumet hans skulle kommunisere kjenslene hans om den amerikanske draumen og korleis endringar i amerikansk politikk under Reagan-åra gjorde at «brått kunne du ikkje arve det livet som far din hadde hatt»[30] Han prøvde òg å vere meir ambisiøs i bruken av platestudioet. Joel har sagt at han ønskte å skape eit «lydmessig meisterverk» på The Nylon Curtain. Så han brukte meir tid i studio og forma lydbiletet på albumet, enn han hadde gjort på tidlegare album.[30] Arbeidet med The Nylon Curtain byrja hausten 1981, men vart forseinka då Joel var involvert i ei alvorleg motorsykkelulukke på Long Island på 15. april 1982. Joel kom seg raskt att etter skadane og albumet vart berre forseinka nokre veker. Mykje seinare snakka Joel om fortida si og innrømde å ha prøvd heroin under innspelinga av The Nylon Curtain.[31]

I 1982 la han ut på ein kort turné for albumet. Ein av dei siste konsertane på turneen vart filma og Joel laga den første videospesialen sin, Live from Long Island, som vart spelt iinn ved Nassau Veterans Memorial Coliseum i Uniondale i New York den 30. desember 1982. Han vart send på HBO i 1983 før han vart gjeven ut på VHS.[32]

The Nylon Curtain nådde sjuande plass, delvis fordi videoane til singlane «Allentown» og «Pressure» vart mykje spelt på MTV. «Allentown» låg seks veker på 17. plass på Billboard Hot 100, og vart ein av dei mest spelte radiosongane i 1982, medan «Pressure» nådde 20. plass og «Goodnight Saigon» nådde 56. plass på den amerikanske singellista.[33]

Christie Brinkley, An Innocent Man og The Bridge[endre | endre wikiteksten]

Det neste albumet til Joel gjekk bort frå dei seriøse emna på The Nylon Curtain og hadde ein mykje lettare tone. Albumet An Innocent Man var ei hyllest til R&B og doo wop-musikk frå 1950- og 1960-åra og gav Joel den andre førsteplassen hans på Billboard-lista med «Tell Her About It», som var den første singelen frå albumet sommaren 1983. Sjølve albumet nådde fjerdeplassen i USA og andreplassen i Storbritannia. Det gav òg i alt seks singlar på topp 30, det høgaste talet frå noko av albuma til Joel. Albumet fekk god kritikk då det kom og Stephen Thomas Erlewine for AllMusic skildra det som «Joel i toppform som handverkar gjennom heile plata, der han spinn ut smittande, minnerike melodiar leikande lett i forskjellige stilartar.»[34]

Då albumet kom ut byrja radiostasjonen WCBS-FM å spele «Uptown Girl».[35][36] Songen vart ein verdshit då han kom ut med ein tredjeplass i USA og den einaste førsteplassen hans i Storbritannia. Musikkvideoen til songen syner Christie Brinkley som ei jente høgt på strå. Bilen hennar køyrer inn på bensinsstasjonen der karakteren til Joel jobbar. Mot slutten av videoen køyrer Joel avstad med denne jenta bak på motorsykkelen sin. Då Brinkley vitja Joel etter å ha blitt bede om å spele i videoen, var det første Joel sa til ho då ho opna døra at «eg dansar ikkje». Brinkley måtte gå gjennom dei enkle stega han gjer i videoen med han. Dette var byrjinga på eit forhold som førte til at dei seinare gifta seg.

I desember vart tittelsongen «An Innocent Man», gjeve ut på singel og nådde 10. plass i USA og åttandeplassen i Storbritannia. tidleg i 1984. I mars vart «The Longest Time» gjeve ut på singel og nådde 14. plass i USA. Sommaren det året vart «Leave a Tender Moment Alone» gjeve ut på singel og nådde 27. plass, medan «Keeping the Faith» nådde 18. plassen i januar 1985. An Innocent Man vart nominert til årets Grammy-album, men tapte for Thriller av Michael Jackson.

Joel deltok på USA For Africa We Are The World i 1985.

Etter suksessen med An Innocent Man vart Joel bede om å gje ut eit album med dei mest suksessrike singlane sine. Dette var ikkje første gongen han hadde fått dette tilbodet, men Joel rekna eit «Greatest Hits»-album for å markere slutten på ein karriere. Denne gongen gjekk han derimot med på det og Greatest Hits Vol. 1 and 2 vart gjeve ut som eit dobbelt album, med songar i kronologisk rekkefølgje. Dei nye songane «You're Only Human (Second Wind)» og «The Night Is Still Young» vart spelt inn og gjeve ut som singlar til støtte for albumet. Begge nådde topp 40, med ein niande og 34. plass som høgaste plassering.

Greatest Hits selde særs godt og i USA til dobbelt diamantalbum med over 11,5 millionar eksemplar (23 millionar einingar). Det er enno i dag det tredje mestseljande albumet i USA i følgje RIAA.

Samstundes med Greatest Hits gav Joel it Video Album som var ei samling av musikkvideoar han hadde spelt inn frå 1977 og fram til då. I lag med videoane for dei nye singlane til Greatest Hits, spelte Joel òg inn ein video for den første hitten sin «Piano Man», for dette prosjektet.

Sjølv om det nådde topp ti, vart ikkje det neste albumet til Joel, The Bridge (1986), like suksessrikt som dei førre albuma hans, men gav inkluderte hittane «A Matter of Trust» og «Modern Woman» frå filmen Ruthless People, ein mørk komedie frå regissørane av Hjelp, vi flyr (begge 10. plass). I videoen speler Joel ein Les Paul-signert gitar, i staden for piano, som han som regel spelte i videoane sine. Balladen «This is the Time» nådde 18. plass på singellista.

The Bridge var det siste av albuma til Joel som bar logoen til Family Productions.

Reise til Sovjetunionen[endre | endre wikiteksten]

I oktober 1986 byrja Joel å planlegge ei reise til Sovjetunionen. Han vart ein av dei første amerikanske musikarane som spelte der sidan Berlinmuren kom opp.[37] Det vart halde konsertar i Moskva, Leningrad og Tbilisi. Joel og familien hans (med dottera Alexa) og heile turnébandet hans gjennomførte reisa i august 1987. Reisa vart filma for fjernsyn og video og konsertane vart sende på radio over heile verda.

Det tok publikum langt tid før dei vart varme i trøya av det energetiske showet til Joel. I følgje Joel fraus publikum til kvar gong lysa frå scenen trefte dei. I tillegg vart folk som «overreagerte» fjerna av vaktene.[38]

Albumet КОНЦЕРТ (russisk for «Konsert») vart gjeve ut i oktober 1987. Songaren Peter Hewlitt vart henta inn for å prøve å treffe dei høgaste tonane i dei vokalt mest krevjande songane hans, som «An Innocent Man». Joel spelte òg The Beatles-klassikaren «Back in the U.S.S.R.» og Bob Dylan sin «The Times They Are a-Changin». Det er estimert at Joel tapte meir enn 1 million USD av sine eigne pengar på reisa og konsertane, men har sagt at godviljen han møtte på reisa gjorde det vert det.[22]

Storm Front og River of Dreams[endre | endre wikiteksten]

Utgjevinga av Storm Front kom ut samstundes med store endringar i karrieren til Joel, og starta ein periode med stor uro i forretningane hans. I august 1989, like før albumet kom ut, sparka Joel manageren (og tidlegare svogeren) Frank Weber etter at ein revisjon synte store avvik i rekneskapen til Weber. Joel saksøkte så Weber for 90 millionar dollar på grunn av svindel og tillitsbrot og i januar 1990 fekk han 2 millionar USD i ein delvis dom mot Weber. I april same året avviste retten eit motsøksmål på 30 millionar USD av Weber.[39]

Den første singelen frå albumet, «We Didn't Start the Fire», kom ut i september 1989 og vart den tredje og siste førsteplassen til Joel i USA. Han låg to veker på toppen av lista. Det var òg den nest siste førsteplassen på Billboard-lista i 1980-åra.Storm Front kom ut i oktober og gjekk etter kvart heilt topps på albumlista, ni år etter Glass Houses hadde gjort det same. Storm Front var det første albumet sidan Turnstiles som vart spelt inn utan Phil Ramone som produsent. For dette albumet, ønskte Joel ein ny stil, og arbeidde med Mick Jones frå Foreigner. Joel spelte òg klaver på soloalbumet til Jones frå 1988 og er med i den offisielle videoen til Jones-singelen «Just Wanna Hold». Joel endra òg på bandet sitt og sparka alle utanom trommeslagaren Liberty DeVitto, gitaristen David Brown, og saksofonisten Mark Rivera, og førte inn nye folk, mellom anna multi-instrumentalisten Crystal Taliefero.

Den andre singelen frå Storm Front, «I Go to Extremes» nådde sjetteplassen tidleg i 1990. Albumet er òg kjend for songen «Leningrad», skriven etter Joel møtte ein klovn i den sovjetiske byen under turneen hans der i 1987. Ein anna kjend singel frå albumet er balladen «And So It Goes» (37. plass seint i 1990).

Sommaren 1992 saksøkte Joel den tidlegare advokaten sin Allen Grubman for 90 million USD for ei rekkje høve, mellom anna svindel og tillitsbrot, embetsmisbruk og kontraktsbrot[40] men saka enda med forlik for ein ukjend sum.[41]

I 1992 innlemma Joel R&B-duoen Sam & Dave i Rock & Roll Hall of Fame. Same året starta Joel arbeidet med River of Dreams, som var ferdig tidleg i 1993. Singelen med same namn vart den siste topp 10-hitten Joel har skrive, og nådde tredjeplassen på Billboard Hot 100. I tillegg til denne singelen inneheld albumet hittane «All About Soul» (med Color Me Badd på korvokal) og «Lullabye (Goodnight, My Angel)», skriven for dottera Alexa.

Songen «The Great Wall of China» var skriven om den tidlegare manageren hans, Frank Weber.

1994–2007[endre | endre wikiteksten]

Joel spelar i 2007 i Florida

I august 1994 skilde Joel seg frå den andre kona si, Christie Brinkley.

I 1997 gjekk singlane «To Make You Feel My Love» og «Hey Girl» begge inn på singellista frå Greatest Hits Volume III. Joel skreiv og spelte inn songen «Shameless», som seinare vart spelt av Garth Brooks og nådde toppen av countrylista i USA. Joel spelte med Brooks på Central Park-konserten hans i 1997, der er estimert opp under 1 million folk i publikum.[treng kjelde] Joel vart innlemma i Rock 'n Roll Hall of Fame i 1999. Ray Charles heldt talen ved seremonien.

Den 31. desember 1999 spelte Joel i Madison Square Garden i New York. Konserten varte nær fire timar og vart seinare gjeven ut som 2000 Years: The Millennium Concert.

I 2001 gav Joel ut Fantasies & Delusions, ei samling klassiske pianostykke. Alle var komponert av Joel og framført av Richard Joo. Joel nytta ofte bitar av desse songane som mellomspel på konsertane sine. Albumet topp klassisk musikk-lista i USA. Joel framførte «New York State of Mind» live den 21. september 2001, som ein del av konserten America: A Tribute to Heroes etter 11. september, og igjen 20. oktober 2001 i lag med «Miami 2017 (Seen the Lights Go Out on Broadway)», ved the Concert for New York City i Madison Square Garden. Same kvelden spelte han òg «Your Song» med Elton John.

I 2003 heldt Joel talen då The Righteous Brothers vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.

I 2005 gav Columbia ut plateboksen My Lives, som hovudsakleg er ei samling av demoinnspelingar, B-sider, konsertopptak og alternative versjonar og nokre få hittar. Denne samlinga bestod òg av programvaren Umixit der folk kunne remikse «Zanzibar» og ein konsertversjon av «I Go to Extremes» med datamaskinen sin. Ein DVD av ein konsert frå River of Dreams-turneen var òg med plata.

Den 7. januar 2006 la Joel ut på turné verdsturné, mellom anna med 12 utselde konsertar på rad i Madison Square Garden i New York City. Ein av desse konsertane vart gjevne ut i 2006 på Columbia som 12 Gardens Live. Turneen heldt fram med fleire konsertar i USA i 2007. I 2007 gav Joel ut den første nyskrivne songen på nesten 14 år, då han gav ut «All My Life», den 27. februar 2007.[42] Den 4. februar 2007 song Joel nasjonalsongen før Super Bowl det året, og vart den første til å synge nasjonal songen ved Super Bowl for andre gong.

1. desember 2007 gav Joel ut songen «Christmas in Fallujah» på iTunes.[43] Songen vart framført av Cass Dillon, sidan Joel følte han burde syngast av nokon som var på alder med ein soldat (sjølv om han stundom spelar songen på konsertane sine). Songen var tileigna soldatar basert i Irak. «Christmas in Fallujah» var den andre songen Joel gav ut sidan River of Dreams i 1993.

2008 til i dag[endre | endre wikiteksten]

Den 26. januar 2008 spelte Joel med Philadelphia Orchestra under 151-årsjubileet for Academy of Music. Joel framførte eit nytt klassisk stykke kalla, «Waltz No. 2 (Steinway Hall)» arrangert av Brad Ellis.

Den 10. mars 2008 heldt Joel talen då venen John Mellencamp vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.

Joel har halde fram å turnere med ein sommar turné i 2008. På den siste konserten på Shea Stadium, før denne vart riven, hadde han med seg mange gjesteartistar, som Tony Bennett, Don Henley, John Mayer, John Mellencamp, Steven Tyler, Roger Daltrey, Garth Brooks og Paul McCartney. Konserten vart filma og dokumentaren Last Play at Shea vart send i 2010. Filmen kom på DVD i februar 2011. Eit album og ein DVD frå heile konserten, Live at Shea Stadium, kom ut 8. mars 2011.

Den 12. desember 2012, spelte Joel på 12-12-12: The Concert for Sandy Relief ved Madison Square Garden. Konserten var til støtte for offera etter orkanen Sandy. Han endra teksten på «Miami 2017» for å knytte han til alle øydeleggingane skapt av Sandy.

I 2011 var det 40 år sidan det første albumet til Joel kom ut, Cold Spring Harbor. Det vart då planar om ei spesialutgåve av albumet med songar og konsertopptak som ikkje tidlegare var gjevne ut, men dette vart ikkje noko av.[44] Albumet Piano Man vart derimot gjeven ut i ei slik Legacy-utgåve i november 2011.[44]

Frå og med 1994 turnerte Joel mykje med Elton John i ei rekkje «Face to Face»-turneear og desse turneane har dei halde fram med til 2010-åra.[45]

Joel spelte fleire konsertar i Europa og Nord-Amerika i 2013. Frå og med 27. januar 2014 spelar Joel ein konsert i månaden ved Madison Square Garden i New York City.[46]

Andre føretak[endre | endre wikiteksten]

I 1996 skipa Joel og Peter Needham båtfirmaet Long Island Boat Company.[47] I november 2010 opna Joel ein butikk i Oyster Bay på Long Island som lagar retro motorsyklar og tilbehør til desse.[48]

I 2011 vart det annonsert at Joel skulle gje ut ein sjølvbiografi han hadde skriven i lag med Fred Schruers, kalla The Book of Joel: A Memoir. Boka skulle kome ut i juni 2011, men i mars 2011 valte å skrinlegge boka.[49] Joel forklarte «Eg måtte skrive ei bok for å forstå at eg ikkje var så interessert i å snakke om fortida, og at det beste uttrykket for livet mitt og dei mange opp- og nedturane har vore og framleis er musikken min.» [50]

I januar var Joel med som seg sjølv i serien The Greatest Event in Television History, der han song songen «My Life».

Personleg liv[endre | endre wikiteksten]

Joel gifta seg første gong med Elizabeth Weber Small den 5. september 1973. Dei skilde seg i juli 1982. Joel gifta seg med Christie Brinkley i 1985 og dei fekk ei dotter i lag same året.[51] Alexa fekk mellomnamnet Ray etter Ray Charles, eit av idola til Joel.[52] Joel og Brinkley skilde seg i august 1994. Den 2. oktober 2004 gifta Joel seg med 23 år gamle Katie Lee. Eks-kona til Joel, Christie Brinkley, som var framleis var vener, deltok i bryllaupet. Ekteskapet var over i 2009.[53]

Joel sleit med depresjon i mange år. I 1970, då karrieren gjekk dårleg, prøvde Joel å ta sjølvmord ved å drikke møbelpuss, fordi det i følgje Joel «såg ut til å smake betre enn bleikemiddel».[22] Trommeslagaren hans, Jon Small, fann han og køyrte han til sjukehus, der han fekk behandling for depresjonen.[54] I lange periodar av karrieren har Joel òg slite med dopmisbruk og alkohol og la seg i 2002 inn på Silver Hill Hospital i New Canaan i Connecticut, og i mars 2005 la han seg inn på Betty Ford Center,[55] der han var 30 dagar for behandling av alkoholtilknytte problem.[56]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå diskografien til Billy Joel.

Prisar og æresteikn[endre | endre wikiteksten]

Billy Joel vert æresdoktor i Fine Arts ved Syracuse University, 14. mai 2006

Joel har fått fleire æresdoktorgrader:

I 1986 sat Joel i utvalsstyret for Rock and Roll Hall of Fame. Sju medlemmar i komiteen stemde for æresgalleriet i San Francisco i California og sju andre, mellom anna Joel, for galleriet i Cleveland i Ohio. Joel vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i Cleveland i 1999.

Joel vart kåra til årets person av MusiCares i 2002,[58] ein pris som vert gjeven kvart år samstundes med Grammyprisutdelinga. Joel har vunne fem Grammyprisar, mellom anna årets album for 52nd Street og årets song og plate for «Just the Way You Are».

Han vart innlemma i Long Island Music Hall of Fame i oktober 2006 og i 2005 fekk Joel ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.

I desember 2011 vart Joel den første ikkje-klassiske musikaren som fekk eit portrett i Steinway Hall.[59]

I desember 2013 fekk Joel i Washington, D.C. Kennedy Center Honors, som er den høgaste æresprisen ein kan få i USA, for å ha påverka amerikansk kultur gjennom musikken sin.[60]

22. juli 2014 vart det annonsert av Library of Congress at Joel kom til å bli den sjette mottakaren av Gershwin Prize for Popular Song.[61]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Billy Joel Biography. billyjoel.com. Henta 26. august 2014.
  2. Explore: Soft Rock | Top Artists | AllMusic
  3. Edmondson, Jacqueline (2006). Condoleezza Rice: A biography. The United States: Greenwood Publishing Group. s. 22. ISBN 978-0-313-33607-2. 
  4. Top Selling Artists. RIAA. Henta 8. juni 2012.
  5. «Top Selling Albums». RIAA. Henta 26. august 2014. 
  6. Gamboa, Glenn (September 12, 2013). «Billy Joel named Kennedy Center honoree». Newsday. Henta 26. august 2014. 
  7. «Monitor». Entertainment Weekly (1258): 30. May 10, 2013. 
  8. 8,0 8,1 «Billy Joel» (transcript). Here's The Thing. WNYC. July 30, 2012. Henta 26. august 2014. 
  9. Tallmer, Jerry (July 16–22, 2003). "Billy Joel grapples with the past". The Villager, 73 (11). Henta 26. august 2014.
  10. "Past students of Morton Estrin". mortonestrin.com. Henta 26. august 2014.
  11. «Billy Joel: The Piano Man In A New York State Of Mind». KCBS-TV. 17. desember 2013. 
  12. «Billy Joel». classicbands.com. 2007. Henta October 6, 2008. 
  13. "Billy Joel Interview." The Charlie Rose Show. PBS, 1993.
  14. Bordowitz, Hank. Billy Joel: The Life and Times of an Angry Young Man. 2006: 22
  15. Brozan, Nadine (June 26, 1992). «Chronicle». New York Times. Henta 26. august 2014. 
  16. Crandall, Bill. "10 musicians who saw the Beatles standing there". CBS News, February 6, 2014.
  17. 17,0 17,1 «Billy Joel Biography». Sing365.com. Henta November 2, 2010. 
  18. Billy Joel with Howard Stern on Sirius Radio Bluebird Reviews! 24. november 2010. Henta 26. august 2014.
  19. Proefrock, Stacia. «Attila». AllMusic. Rovi Corporation. Henta November 2, 2010. 
  20. Tallmer, Jerry (July 16–23, 2003). «Billy Joel grapples with the past». The Villager (New York City). Arkivert frå originalen July 21, 2010. Henta 26. august 2014. 
  21. Erlewine, Stephen Thomas (2006). «Billy Joel Biography. Allmusic. Henta 26. august 2014.
  22. 22,0 22,1 22,2 Bordowitz, Hank (2006). Billy Joel: The Life and Times of an Angry Young Man. Billboard Books. s. 39. ISBN 978-0-8230-8248-3. 
  23. The Last Play at Shea (documentary film). 2010. Interview with Yetnikoff.
  24. The Last Play at Shea (2010). 28. oktober 2010. New York Times.
  25. Chesher Cat. «Everybody I Shot is Dead». everybodyishotisdead.blogspot.com. Henta 26. august 2014. 
  26. «The Return of 'The Stranger' – 30th Anniversary Legacy Edition of Billy Joel's Top-Selling...». Reuters. July 31, 2008. Henta 26. august 2014. 
  27. «500 Greatest Albums of All Time: Billy Joel, 'The Stranger'». Rolling Stone. Henta 26. august 2014. 
  28. «Sony History: A Great Invention 100 Years On». Sony. Arkivert frå originalen August 2, 2008. Henta 26. august 2014. 
  29. «article on Havana Jam». People. March 19, 1979. Henta 26. august 2014. 
  30. 30,0 30,1 Billy Joel on THE NYLON CURTAIN – from THE COMPLETE ALBUMS COLLECTION. YouTube. 
  31. «Billy Joel Opens Up About Trying Heroin». in 2014,. huffingtonpost.com. Henta 26. august 2014. 
  32. «Billy Joel: Live from Long Island (Video 1983)». Internet Movie Database. imdb.com. Henta 26. august 2014. 
  33. «Goodnight Saigon by Billy Joel». Songfacts. songfacts.com. Henta 26. august 2014. 
  34. Thomas, Stephen. «An Innocent Man – Billy Joel : Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta September 12, 2012. 
  35. YouTube (uploaded April 6, 2008).
  36. Billy Joel's Interview on Howard Stern. 2011.
  37. Laura Sinagra. «At Garden, Billy Joel Is Out to Prove He's in Control». The New York Times. Henta 27. august 2014. 
  38. «Letters to the Editor (14. november 2007).». Seattle Weekly. Arkivert frå originalen January 17, 2008. Henta 27. august 2014. 
  39. Pore-Lee-Dunn Productions (February 4, 2007). «Billy Joel». Classicbands.com. Henta 26. august 2014. 
  40. Fabrikant, Geraldine (September 24, 1992). «Billy Joel takes his lawyers to court». New York Times. Henta 26. august 2014. 
  41. «Profiles – Billy Joel». CityFile.com. Henta 26. august 2014. 
  42. Cohen, Jonathan (30. januar 2007). «Billy Joel Returns To Pop With New Single". Billboard. Arkivert frå original on October 12, 2007.
  43. Press Release (November 30, 2007). Emerging Singer-Songwriter Cass Dillon Premiers New Billy Joel Song, «Christmas in Fallujah", Exclusively on iTunes Beginning Tuesday, December 4". billyjoel.com. Arkivert frå original den 7. februar 2008.
  44. 44,0 44,1 «Billy Joel Catalog To Be Reissued, Commemorative CDs/DVDs To Be Released» (Press release). Billyjoel.com. October 20, 2010. http://www.billyjoel.com/news/billy-joel-catalog-be-reissued-commemorative-cdsdvds-be-released. Henta 26. august 2014. 
  45. Concerts: Billy Joel & Elton John. tampabay.metromix.com. Henta 27. august 2014.
  46. Gardner, Elysa (3. desember 2013). «Meet Madison Square Garden's new franchise: Billy Joel». USA Today. 
  47. Billy Joel Timeline. Dipity.com. Henta 26. august 2014.
  48. Karppi, Dagmar Fors (January 21, 2011). «Billy Joel Adds to OB Mix As Chamber Members Chat». Oyster Bay Enterprise Pilot. Henta February 4, 2011. 
  49. Matthew Perpetua (March 31, 2011). «Billy Joel Scraps Plans to Release Memoir | Music News». Rolling Stone. Henta 27. august 2014. 
  50. «Billy Joel Cancels 'Book Of Joel'» (Press release). Billyjoel.com. March 31, 2011. http://www.billyjoel.com/us/news/billy-joel-cancels-book-joel. Henta 26. august 2014. 
  51. "Joel and his 'uptown girl' have a girl". The Atlanta Journal-Constitution, 31. desember 1985. s. A3.
  52. Stout, Gene (December 3, 1986). «Billy Joel Delivers – Few Surprises". seattlepi.com. Henta 27. august 2014.
  53. Rush, George (June 17, 2009). «Billy Joel and wife Katie Lee split». Daily News (New York). 
  54. Courtesy of Columbia. «Billy Joel | Music Videos, News, Photos, Tour Dates, Ringtones, and Lyrics | MTV». Mtv.com. Henta December 12, 2008. 
  55. Associated Press (March 16, 2005). «Billy Joel In Rehab Again". CBS News. Henta 27. august 2014.
  56. "Billy Joel leaves US rehab clinic". BBC News. April 13, 2005. Henta 27. august 2014.
  57. «Syracuse University to present five honorary degrees at its 152nd Commencement". SUNews.syr.edu. April 17, 2006. Henta 27. august 2014.
  58. Friedman, Roger (February 26, 2002). «Billy Joel Gets Special Award at Grammy Kickoff". foxnews.com. Henta 27. august 2014.
  59. Billy Joel honored by Steinway, Newsday, December 12, 2011.
  60. «Billy Joel, Carlos Santana, Herbie Hancock Receive Kennedy Center Honors». Billboard. Associated Press. December 8, 2013. Arkivert frå originalen December 9, 2013. 
  61. http://www.washingtonpost.com/blogs/style-blog/wp/2014/07/22/billy-joel-to-receive-gershwin-prize-for-popular-song-from-library-of-congress/

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Billy Joel
Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Billy Joel