Robert Bosch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Robert Bosch
Robert Bosch mit Hut 1888 - 10031.jpg
Fødd23. september 1861
Albeck
Død12. mars 1942
Stuttgart
NasjonalitetTyskland, Kongeriket Württemberg
Områdeforretningsmagnat
Yrkeentreprenør, oppfinnar, handverkar, ingeniør, industrieier
EktefelleAnna Bosch
BarnPaula Zundel, Margarete Fischer-Bosch, Robert Bosch jun.

Robert Bosch (23. september 186112. mars 1942) var ein tysk industrimann og velgjerar.

Bosch vart født i Albeck ved Ulm som det ellevte barnet til Servatius og Margarete Bosch, og kom frå ein velståande bondefamilie.

Bosch grunnla selskapet Robert Bosch GmbH, som er ein av dei største produsentane i verda av elektriske verktøy, hushaldsprodukt, bildelar og anna.

Han brukte store summar på gode føremål, og støtta mellom anna Technische Hochschule Stuttgart (den tekniske høgskulen i Stuttgart). I 1940 opna han sjukehuset Robert-Bosch-Krankenhaus i Stuttgart. Robert Bosch engasjerte seg òg for forsoning med den tidlegare motstandaren Frankrike etter første verdskrigen. Han døydde 12. mars 1942 i Stuttgart.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Heuss, Theodor: Robert Bosch : Leben und Leistung. - Stuttgart : DVA, 2002. - ISBN 3-421-05630-7
  • Knellessen, Wolfgang: Robert Bosch 1861-1942. - Stuttgart : Robert-Bosch-Haus, 1986, OCLC 165856932
  • Müller, Rainer: Das Robert-Bosch-Haus. - Stuttgart : DVA, 1988. - ISBN 3-421-02939-3

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]