Robert Clive

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Robert Clive

Robert Clive, 1st Baron Clive måla av Nathaniel Dance
Fødd29. september 1725
Shropshire, Kongeriket Storbritannia
Død22. november 1774 (49 år)
Statsborgar avKongeriket Storbritannia
Yrkepolitikar, offiser, soldat
Utdanna vedMerchant Taylors' School
MorRebecca Gaskell
FarRichard Clive
EktefelleMargaret Clive
BarnEdward Clive, 1st Earl of Powis, Richard Clive, Jane Clive, Rebecca Clive, Charlotte Clive, Margaret Clive, Elizabeth Clive, Robert Clive
MedlemRoyal Society
Alle verv
  • member of the 11th Parliament of Great Britain
  • medlem av Storbritannias 12. parlament
  • medlem av Storbritannias 13. parlament
  • medlem av Storbritannias 14. parlament Sjå dette på Wikidata

Robert Clive, Baron Clive of Plassey, (fødd 29. september 1725 Styche nær Market Drayton i Shropshire i England, død 22. november 1774 i London) var ein britisk offiser og kolonialist. Han har fått æra for å sikre India og rikdomen som følgde for den britiske krona.[1] Han var ein av dei viktigaste personane i opprettinga av Britisk India.

Francis Hayman: Robert Clive and Mir Jafar after the Battle of Plassey, 1757

Han tenestegjorde frå 1743 i India i Det britiske ostindiske kompaniet. Han kjempa mot franskmenn og hollendarar og vann sigrar ved Arcot i 1751, Trichinopoly i 1752 og Biderra 1759, samt over nawaben av Bengal i slaget ved Plassey i 1757.

Han vart etter sigeren i Plassey den første britiske guvernøren i Bengal, men vende i 1760 attende til heimlandet for å få tittelen «Baron Clive of Plassey» der. Han vart så igjen guvernør i Bengal 1765-1767, der han han effektivt stoppa korrupsjon og ineffektivitet. Han vart likevel skulda for ikkje å ha skøytt vervet etter han kom attende til Storbritannia, og tok til slutt livet sitt, sjølv etter at han i 1773 vart reinvaska.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Chris Roberts, Heavy Words Lightly Thrown: The Reason Behind Rhyme, Thorndike Press,2006 (ISBN 0-7862-8517-6)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Robert Clive